Hadia Tajik (A): Kva konkrete planar har regjeringa for å sikre at andre statar ikkje vert gjeve tilgang til å hente inn data frå norske nettbrukarar, utover det som er avtalte prosedyrar for utlevering av data mellom land, og vil justis- og beredskapsministaren, som sin finske kollega, støtte Irland i arbeidet mot utlevering av europeisk e-post til amerikanske myndigheiter frå eit datasenter i Irland?
Begrunnelse
Minister Dara Murphy T.D i Irland ba i fjor EU-kommisjonen om støtte knyta til det som vert kalla NY Warrant Case. Det er ei rettssak i USA som er knytt til ei tvist om amerikanske myndigheiter har rett til å hente inn data utanfor landet. Konkret gjeld saka utlevering av e-post lagra i Microsoft sitt datasenter (skyteneste) i Dublin, i samband med ei straffesak. Saka reiser viktige prinsipielle spørsmål om grensesnittet mellom USA og EU sine lovar om vern av data. Saka er anka. Utfallet av saka vil kunne få store konsekvensar for folks person- og rettsvern i EU og Noreg. Anna-Maja Henriksson, den finske justisministaren, sendte i fjor eit brev til EU kommisjonen ved Ms Vera Jourová, Commissioner for Justice, Consumers and Gender Equality. I brevet skriv den finske justisministaren at ho er særleg uroa for dei potensielt alvorlege konsekvensane utfallet av saka kan få for EU. Henrikssen viser til at direkte tilgang til data lagra i EU vil omgå gjeldande prosedyrar for utlevering av data mellom land, såkalla Mutual Legal Assistance Treaties (MLA). Ho meiner at dette er eit svært grunnleggjande spørsmål med omsyn til vern av data i EU. Det er viktig å sikre folks tillit til teknologi no og i framtida. Arbeidet mot kriminalitet må ikkje gå på akkord med demokratiske verdiar som personvern.