Skriftlig spørsmål fra Per Olaf Lundteigen (Sp) til arbeids- og sosialministeren

Dokument nr. 15:599 (2014-2015)
Innlevert: 12.02.2015
Sendt: 12.02.2015
Besvart: 18.02.2015 av arbeids- og sosialminister Robert Eriksson

Per Olaf Lundteigen (Sp)

Spørsmål

Per Olaf Lundteigen (Sp): Kan statsråden forklara "eksportkravet" på norske velferdsytingar frå Den europeiske unionen (EU) som følgjer av Noregs deltaking i Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet (EØS), visa dei gongene Noreg ikkje har akseptert eksportkravet etter krav frå EU, gje ei oversikt over norske velferdsytingar som er omfatta og norske velferdsytingar som ikkje er omfatta av dette eksportkravet frå EU, i tillegg til å synleggjera utviklinga i eksport av velferdsytingar til ikkje norske borgarar fordelt på land?

Robert Eriksson (FrP)

Svar

Robert Eriksson: Dei fire fridomane står som kjend sentralt i EØS-avtalen. Ein av desse fridomane er den retten arbeidstakarar har til fritt å ta arbeid i dei andre medlemslanda. Dette er grunnlaget for ein felles europeisk arbeidsmarknad. Å gje arbeidstakarane høve til vere med i trygdeordninga i det nye arbeidslandet og å få til dømes den alderspensjonen dei har tent opp når dei flyttar attende til heimlandet, er med på å gjere det enklare for dei å nytte seg av retten til å ta arbeid i eit anna EØS-land. Dette er bakgrunnen for at ein allereie i 1959 fant det naudsynt å regulere den europeiske trygdekoordineringa i ei eiga forordning. Dette er no regulert i forordning nr. 883/2004, som i artikkel 7 slår fast prinsippet om plikt til trygdeeksport.

I utgangspunktet gjeld denne eksportplikta for alle trygdeytingar, men ein kan gjere unnatak for ”særskilde ikkje avgiftspliktige ytingar”. Noreg har fått unnatak for to ytingar. Dette gjeld garantert tilleggspensjon til fødde / unge uføre og supplerande stønad til personar med kort butid i Noreg. Vidare er eingongsstønad ved fødsel og adopsjon uttrykkeleg unnateke frå virkeområdet for forordninga. Stønad til einsleg mor eller far blir og vurdert som ei yting som ligg utanfor virkeområdet, som følgje av denne ytinga sitt sterke preg av å vere sosialhjelp.

Noreg har i enkelte døme freista å utfordre EØS-systemet, blant anna med omsyn til det såkalla ”Finnmarkstillegget” i barnetrygda. Noreg eksporterte ikkje denne ytinga og blei av EFTAs overvakingsorgan (ESA) stemna inn for EFTA-domstolen. I 2006 ga EFTA-domstolen Noreg medhald i at dette tillegget kunne behaldast som ei regionalpolitisk åtgjerd, utan plikt til eksport.

Eit anna døme er den norske kontantstøtta, som dei fyrste åra ikkje blei utbetalt når barna budde i utlandet. Etter at Finland i 2002 tapte ei sak i EF-domstolen om deira tilsvarande yting, oppmoda ESA Noreg om å vurdere standpunktet sitt til eksport på nytt. I og med at det syntes openbart at ein ville tapa ei eventuell sak for EFTA-domstolen, tok ein derfor den gang til å eksportera norsk kontantstøtte.

Eg har og blitt bedd om å synleggjere utviklinga i trygdeeksporten. Slik eg tidligare har uttala frå Stortingets talarstol, har vi foreløpig ikkje godt nok talgrunnlag og god nok statistikk over trygdeeksporten. Dette er det nå tatt grep for å få på plass. Det er uansett på det reine at utviklinga i dei siste tiåra har ført til vekst i eksporten av norske trygdeytingar. Til dømes var det blant mottakarane av kontantstøtte i 2004 berre 0,2 pst. som hadde barna sine i utlandet. I 2014 hadde dette auka til 4 pst.

Folketrygdas utgifter i 2013 var på 358 mrd. kroner (ekskl. utgifter til helsetenester). Av dette blei rundt 6,8 mrd. kroner (ekskl. utgifter til helsetenester) utbetalt utanfor Noreg. Folketrygda sine pensjonar utgjorde om lag 5 mrd. kroner. Dagpengar og sjukepengar utgjorde snautt 0,9 mrd. kroner, mens familieytingane (barnetrygd og kontantstøtte) utgjorde drygt 0,3 mrd. kroner.

Som kjent seier regjeringa i den politiske plattforma at den ønskjer å ”… begrense og stanse trygdeeksport, men innenfor de internasjonale avtalene Norge er bundet av”. Eg er opptatt av at vi i EØS må finne ei rimeleg og riktig balanse mellom individa sin rett til fritt å flytte mellom landa og landas plikt til å betale velferdsytingar til personar i utlandet.