Per Olaf Lundteigen (Sp): Før omlegginga av Statistisk Sentralbyrå (SSB) sine heimesider var den viktigaste statistikken til ulike tema samla på temasider. Døme på slike tema var arbeidsliv, løn, folkesetnad, innvandring osfr. Til kvart tema var det òg peikarar til både interne og eksterne kjelder. Dette var særs nyttig og medverka på ein heilt annan måte til folkeopplysing enn dagens heimesider legg til rette for.
Vil statsråden medverka til at SSB gjeninnfører dei gamle temasidene slik at viktig statistikk kjem fram lettare enn i dag?
Begrunnelse
SSB har eit nesten eineståande omfang av statistikkmateriale. For Stortinget, til liks med presse og forvaltning, er det eit sjølvstendig poeng at SSB medverkar aktivt til at sentrale fakta og sentral statistikk på ulike felt blir kjent for offentlegheita.