Liv Signe Navarsete (Sp): Kan eg be helse- og omsorgsministeren stadfeste at regjeringa ikkje vil leggje fram forslag om sentralisering av AMK-sentralane, og at regjeringa si haldning dermed er ei anna enn det som vart halde fram frå Justis- og beredskapsdepartementet om at det er eit mål i seg sjølv å samlokalisere AMK-sentralar med alarmsentralane for brann og politi?
Begrunnelse
I regjeringa og Venstre sitt forlik om politireforma ligg ei sentralisering av Politimeisteren i Sogn og Fjordane til Bergen. Politiet sin operasjonssentral er også tenkt flytta og i forliket er det sagt at 110-sentalane for brann skal samlokaliserast med desse, samt at det skal leggjast til rette for at AMK-sentralane også kan flyttast. I etterkant av at forliket vart offentleggjort har det pågått ein diskusjon i Sogn og Fjordane om kva som eigentleg er tenkt for AMK-sentralane. Stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn sa til NRK Sogn og Fjordane måndag 23.02 at ein ikkje kunne tolke forliket mellom regjeringa og Venstre slik at AMK-sentralen i Sogn og Fjordane skulle sentralisertast til Bergen saman med 112 og 110-sentralane. Seinare same dag uttala statssekretæren i regjeringa sitt samordningsdepartement innan sivil beredskap seg om saka, og var tydeleg på at regjeringa sitt mål er å sentralisere og samlokalisere alle sentralane for å få meir ut av dei samla ressursane.
Poenget er at ein ynskjer i størst mogleg grad å få til ei samlokalisering, for på den måten å få størst mogleg effekt ut av større einingar, sa statssekretær Hans J. Røsjorde (FrP) i Justis- og beredskapsdepartementet.
Tysdag 24.02 om ettermiddagen kom det ein slags kontrabeskjed frå Helse- og omsorgsdepartementet sin statssekretær.
Anne Grethe Erlandsen (H) sa då at det er friviljug å slå seg saman. Her er det ingen tvang.Det som er viktig er at nokre stader har dei prøvd ut dette og har gode erfaringar, men det vil vere avhengig av lokale forhold og det må vi ha respekt for, sa ho til NRK.
Desse sprikande signala for regjeringa har gitt grunnlag for uro, og det er viktig å få slått fast kva som er regjeringa sin heilskaplege og samla politikk på dette feltet.