Kjersti Toppe (Sp): Kan statsråden gjere greie for korleis regjeringa arbeider for å nå målet om at Norge ikkje aktivt skal rekruttere helsearbeidarar frå land med mangel på helsepersonell, og kan statsråden gi ein oversikt over kor mange innvandrar med helse- og sosialfagleg utdanning som no arbeider i helse- og velferdstenestene i Noreg, korleis desse er fordelt på profesjonar og kor mange av desse helsearbeidarane som er rekrutterer frå land som sjølv har ein definert mangel på helsepersonell?
Begrunnelse
Stortinget har, blant anna i Meld.St.11 (2011-2012) Global helse i utanriks- og utviklingspolitikken, slutta seg til at Noreg ikkje aktivt skal rekruttere helsearbeidarar frå land med mangel på helsepersonell - det vil seie at Noreg skal ha etisk rett rekruttering av helsepersonell. Dette prinsippet var og slått fast i Meld.St. 13 (2011-2012), Utdanning for Velferd. Ifølgje St.meld. 13 (2011-2012) var det i siste kvartal 2010 tilsett over 25 000 innvandrarar med helse- og sosialfagleg utdanning i helse- og velferdstenestene i Noreg. Dei største gruppene var hjelpepleiarar (5 500) og sjukepleiarar, jordmødrer og helsesøstrer (8 000). 9 300 kom frå regionar med mangel på helsepersonell, som Afrika, Asia , Latin-Amerika og Oseania utanom Australia og New Zealand. Ytterlegare 2500 kom frå europeiske land utanfor EØS, mens resten kom frå land utan nokon definert mangel på helsepersonell, kor i overkant av 7 000 kom frå dei andre nordiske landa. Tala frå 2010 viser altså at over ein tredel av utanlandske helsepersonell som arbeida i Noreg i 2010, kom frå land som sjølv har mangel på helsepersonell.