Skriftlig spørsmål fra Sveinung Rotevatn (V) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:691 (2014-2015)
Innlevert: 27.02.2015
Sendt: 02.03.2015
Besvart: 11.03.2015 av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen

Sveinung Rotevatn (V)

Spørsmål

Sveinung Rotevatn (V): Vil statsråden sikre at den endelege rapporten om kortbanenettet inneheld kostnadsutreikningar på lufthamnene både med og utan transittpassasjerar, og der utviklinga i flyselskapa si kostnads/pris reikning vert halde opp mot utvikling i passasjergrunnlag og faste kostnader ved lufthamnene?

Begrunnelse

Avinor har på oppdrag frå Samferdsledepartementet starta eit arbeid for å sjå på flytilbodet på kortbanenettet, herunder også struktur. I orienteringane Avinor til no har hatt, nyttar dei brukartal for lufthamnene der transitpassasjerar vert rekna inn som del av passasjergrunnlaget. For lufthamner t.d. i trekantsamband får dette urimelege utslag lufthamnene i mellom, særskilt med tanke på at lønsemdskostnadane vert rekna ved å fordele utgiftene på tal passasjerar.
Også dei tala som viser prisutvikling som flyselskapa legg til grunn for anbodstilboda har nokre stader urimelege variasjonar om ein held dei opp mot passasjerutvikling og øvrige kostnader for flydrifta på dei aktuelle flyplassane. Denne utviklinga samt ei eventuell forklaring på den vil også vere nyttig å få belyst i Avinor sin endelege rapport.

Ketil Solvik-Olsen (FrP)

Svar

Ketil Solvik-Olsen: Som ein del av arbeidet med den neste nasjonale transportplanen, er transportetatane og Avinor bedne om å vurdere lufthamnstrukturen og eventuelt foreslå endringar.
Samferdselsdepartementet har bedt etatane og Avinor om følgjande:

-Ei vurdering av luftfarten si rolle og kva krav som bør stillast til luftfartstilbodet, medrekna kriterium for transportstandard, som til dømes trafikkvolum, kostnader og avstandar.
-Ei vurdering av korleis det kan leggjast til rette for at luftfarten i størst mogeleg grad skjer på kommersielle vilkår.
-Tilrådingar om utforminga av lufthamnnettet i framtida, medrekna forslag til ei konsolidering gjennom ein reduksjon i talet på lufthamner sett i samanheng med faktisk transportbehov, mellom anna i lys av standarden på anna transportinfrastruktur og vidareutvikling av dei lufthamnene som blir att. Prioriteringa skal gjerast med utgangspunkt i samfunnsøkonomisk netto nytte.
-Berekning av samfunnsøkonomisk netto nytte av forslag til eventuelle endringar i strukturen i lufthamnnettet.
-Ei vurdering av tilhøvet til tiltak innan andre transportsektorar.
-Ei vurdering av konsekvensane for statleg kjøp av flyruter av tilrådingane frå etatane og Avinor.
-Ei vurdering av økonomiske konsekvensar for Avinor, staten, passasjerane og flyselskapa.

Ifølgje Avinor har selskapet tidlegare brukt det totale talet på terminalpassasjerar for alle lufthamnene i vurderingane sine. Lufthamner med transferpassasjerar (altså passasjerar som byter fly) får då eit høgare passasjertal enn viss ein berre inkluderer passasjerar som er komne/reist på lufthamna. I det vidare arbeid er det lagt til grunt komne/reist-tal slik at det er lett å samanlikne tala med andre lufthamner. Dette vil bli presisert i det materialet som blir lagt fram. Når det gjeld utviklinga i kostnaden for flyselskapa, halde opp mot utvikling i passasjergrunnlag og faste kostnader ved lufthamnene, har det ikkje vore ein del av oppdraget til etatane og Avinor å lage ei slik oversikt. Ifølgje Avinor vil rapporten bruke det statlege kjøpet av flyruter pr. lufthamn slik dei er i den tilbodsperioden vi er inne i no. I oppdraget ligg det også å framstille korleis staten sitt kjøp av flyruter vil påverkast av eventuelle framtidige endringar i lufthamnstruktur. Dette vil bli forklart i rapporten, men det vil vere stor uvisse ved slike vurderingar.