Kjersti Toppe (Sp): Vil regjeringa evaluere takstsystemet for jordmødrer og vurdere dette ut frå formålet og eventuelt i sammenheng med tilsvarende systemer for andre yrkesgrupper?
Begrunnelse
Viser til statsråden sitt svar på skriftlig spørsmål på Dok.nr. 15:651 (2104-2015), 27.02.2015. Statsråden svarer ikkje på kva Regjeringa gjer for å følgje opp ein einstemmig komitemerknad i Innst.407(2010-2011) om å gjennomgå takstsystemet for jordmødrer og vurdere dette ut frå formålet og eventuelt i samanheng med tilsvarande systemer for andre yrkesgrupper.
Komiteen viste til at dagens takstsystem kan verke begrensande på jordmødrer si yrkesutøving, og som økonomisk insitament kan det verke mot si hensikt. Komiteen understreka at finansieringsordninga må bygge opp under å sikre kvaliteten i tilbodet og at helsefremjande og førebyggjande arbeid skal løne seg.
I og med at det sidan denne innstillinga vart vedteken er komen nye faglege retningsliner for barseltilbodet, er det ekstra viktig med tiltak- inkludert finansielle ordningar - som syter for god rekruttering av jordmødrer i kommunehelsetenesta.