Liv Signe Navarsete (Sp): Kva meiner forsvarsministeren konkret kan gjerast på kort og lengre sikt for å betre Forsvarets operative evne ved krise eller krig?
Begrunnelse
Av talar frå både forsvarsministeren og forsvarssjefen går det fram at Forsvaret si operative evne manglar naudsynt reaksjonstid, djupn og er for lite uthaldande. Ut frå gjeldande Prop. 1 S (2014-2015) kan ein lese at dei operative evnene ved krise i det øvre spekter og i krig er mindre god. Denne mangelen på beredskap er alvorleg, og det er viktig å fokusere på løysingar for å betre situasjonen.