Liv Signe Navarsete (Sp): Kor lang tid vil forsvarsministeren bruke, og korleis ser ho føre seg at Noreg skal nå NATO sitt mål om eit nasjonalt forsvarsbudsjett tilsvarande 2 prosent av BNP?
Begrunnelse
Under NATO sitt møte i Wales blei medlemslanda samde om at kvart enkelt Natoland skal ha som målsetjing at dei i løpet av 10 år har nasjonale forsvarsbudsjett som svarar til om lag 2 prosent av BNP. I dag bruker Noreg mindre enn 1,45 prosent av sitt BNP på forsvarsutgifter. Dagens flate budsjettramme, med tilleggsløyvingar for kjøp av kampfly, vil føre til at nedbygginga av Forsvaret held fram. Ei føreseieleg oppbygging mot 2 prosent vil for Forsvarets si utvikling kunne kompensere for ei rekkje tilhøve som utholar dei løpande budsjetta, og det vil styrkje Noreg si forsvarsevne.