Skriftlig spørsmål fra Sveinung Rotevatn (V) til olje- og energiministeren

Dokument nr. 15:731 (2014-2015)
Innlevert: 10.03.2015
Sendt: 10.03.2015
Besvart: 18.03.2015 av olje- og energiminister Tord Lien

Sveinung Rotevatn (V)

Spørsmål

Sveinung Rotevatn (V): Kva er grunngjevinga for grensa på 10 MW i forslaget til endring i Lov om elsertifikater, og kva konsekvensar vil det få om denne grensa vert fjerna?

Begrunnelse

Olje- og energidepartementet sendte forslag til endring av Lov om elsertifikater på høyring i desember med høyringsfrist 19. januar i år.
Ei av endringane som er foreslått, er å utvide overgangsordninga til å inkludere vasskraftverk med installert effekt under 10 MW(Megawatt). I høyringsrunda vert det peikt på at grensa på 10 MW ikkje er i tråd med dåverande olje- og energiminister Einar Steensnæs sitt løfte frå desember 2003 om ei slik ordning. Løftet vart gjeve samstundes med at han la fram ei energimelding til Stortinget der sikring av forsyninga gjennom vinteren var hovudpoenget.
I høyringsrunda kjem det også fram at utvidinga av overgangsordninga med ei øvre grense på 10 MW fører til at 240 småkraftverk med ein samla årleg energiproduksjon på 2,1 TWh (Terrawattimar) vert teke inn i ordninga, medan tre kraftverk som er nybygd i overgangsperioden med samla energimengde på 0,35 TWh fell utanfor. Alle tre ligg i Sogn og Fjordane og har økonomiske problem som fylgje av at dei ikkje er omfatta av sertifikatordninga i dag. Blant dei tre er også det einaste nybygde kraftverket i perioden som har magasin og som dermed sikrar forsyninga gjennom vinteren.

Tord Lien (FrP)

Svar

Tord Lien: I forbindelse med den pågående kontrollstasjonen for elsertifikatordningen har Olje- og energidepartementet vurdert tilpasninger i elsertifikatordningen. Resultatet er bl.a. et forslag om å utvide overgangsordningen til å omfatte vannkraftanlegg under 10 MW med byggestart etter 1. januar 2004.
En utvidelse av overgangsordningen til også å omfatte nye anlegg over 10 MW med byggestart etter 1. januar 2004 vil, i følge anslag fra NVE, innebære at anlegg med en normalårsproduksjon på ytterligere om lag 0,5 TWh vil komme inn under ordningen. Dersom det legges til grunn en elsertifikatpris på mellom 15 og 25 øre/kWh, vil det gi en økt kostnad for elsertifikatpliktige forbrukere på 0,5 til 0,9 mrd. kroner (nåverdi og 4 prosent kalkulasjonsrente).
Elsertifikatordningen finansieres i hovedsak av husholdninger, næringskunder og annen industri enn kraftintensiv industri.