Per Olaf Lundteigen (Sp): Andelen organiserte varierer mellom ulike bransjar og i ulike yrkesgrupper og over tid.
Kan statsråden gje ei oversikt over andelen organiserte i ulike bransjar og yrkesgrupper, og korleis dette har endra seg i åra 2004-2014?
Begrunnelse
Det er ønskjeleg at statsråden i svaret viser andel organiserte fordelt på næringshovudområde (bokstavnivå) og på fyrste nivå under bokstavnivå, jf. SSB sin næringsstandard og bruk av næringskodar. Vidare er det ønskjeleg at statsråden i svaret medverkar til å synleggjera yrke/bransjar der innslaget av organiserte skil seg mykje frå gjennomsnittet, slik at svaret gjev mest mogleg nyttig informasjon. Det blir bede om at statsråden i svaret, dersom mogleg, òg synleggjer organisasjonsgraden til utanlandske arbeidstakarar i Noreg.