Kjersti Toppe (Sp): Vil statsråden informere om den aktuelle beredskapsmessige situasjonen for Rjukan Sjukehus, kan statsråden forsikre om at den medisinske og helsefaglege drifta ved sjukehuset på Rjukan er forsvarleg under den pågåande strukturomlegginga og vil statsråden pålegge helseføretaket å gi betre informasjon til dei aktuelle kommunane og tilsette?
Begrunnelse
I følgje Rjukan Arbeiderblad 12/3-15 etterlyser Tinn kommune informasjon om situasjonen på Rjukan Sykehus. I eit brev til Sykehuset Telemark er kommunalsjefen bekymra for at avviklinga går ut over beredskapen. Det vert vist til fleire episodar, blant anna at legesenteret sist fredag fekk beskjed frå sjukehuset om at sjukehuset var stengt for øyeblikkelig hjelp frå klokka 14.00 same dag og ikkje ville bli opna før måndag morgon. Ut på dagen kom det kontrabeskjed om at sjukehuset likevel ville vere opent frå fire-fem tida, men då helst ikkje for pasientar med hjarteinfarkt. Ambulansesjåførar har opplevd å gjere vendereis med pasientar fordi sjukehuset er blitt stengt for inntak, og det er meldt om at det er "hemmelege opningstider" ved sjukehuset. Det vert og stilt spørsmål ved at den ekstra ambulansen ikkje var på plass til 1.mars, som bestemt i oppdatert plan for akuttberedskap og prehospitale tenester. Kommunalsjefen peikar på at spesialisthelsetilbodet må vere føreseieleg, og ber om informasjon om akutt-tilbodet og om at helseføretaket ser på informasjonsrutinane sine. Bekymringsmeldinga er også sendt fylkeslegen.
Fylkeslegen har i følgje RA stilt kritiske spørsmål til drifta "ut fra våre foretatte undersøkelser synes det nå å være usikkerhet hos de ansatte når det gjelder ansvarsforhold, vaktplanlegging, turnusordninger, ulike beskjeder gitt fra ledelsen, og annet."
Ut frå dette har fylkeslegen oppretta tilsynssak for å undersøke om den medisinske og helsefaglege drifta ved sjukehuset på Rjukan er forsvarleg under den pågåande strukturomlegginga ved helseføretaket.
Underteikna har og tidlegare retta spørsmål til statsråden omkring omlegginga ved Sykehuset Telemark HF og påpeikt dårleg kommunikasjon frå føretaket si side, og at vedtekne planar for det faglege tilbodet blir endra fleire gongar - utan at kommunane eller dei tilsette det gjeld får informasjon i tide.