Liv Signe Navarsete (Sp): Korleis vil landbruks- og matministeren sikre at Noreg framleis har forsking på vestnorsk landbruk, slik at dei spesielle utfordringane ein finn i vekstsonene i Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal vert ivaretekne i framtidig struktur for landbruksforskinga?
Begrunnelse
Styret i Bioforsk har vedteke å leggje ned Bioforsk-stasjonen på Furuneset i Fjaler. Furuneset arbeider inn mot dei særskilde tilhøva for jordbruket på vestlandet, ikkje minst når det gjeld klima og jordsmonn. Om lag 22 prosent av mjølka som vert produsert i Noreg kjem frå Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, og så og seie alt jordbruksareal vert nytta til produksjon av grovfor eller beite.
På grunn av dei særskilde klimatilhøva er det ikkje muleg å overføre forskingsresultat frå andre stader i landet til vestlandet. Jordsmonnet er også annleis enn det me finn til dømes på Jæren. Graminor, som har ansvar for all foredling av jord og hagebruksvekster i Noreg, er bekymra for at forsøksfelta både i Sogn og Fjordane, Valdres og Troms vert borte. Dette vil forringe moglegheita til å utvikle grovforvekster tilpassa overvintringstilhøva og jordsmonnet.
Forsking og utvikling er viktig for å fremje god økonomi i husdyrhaldet. Det er difor eit stort steg attende for vestlandsjordbruket dersom forskingstasjonen på Fureneset vert nedlagt.