Skriftlig spørsmål fra Per Olaf Lundteigen (Sp) til finansministeren

Dokument nr. 15:812 (2014-2015)
Innlevert: 26.03.2015
Sendt: 27.03.2015
Besvart: 13.04.2015 av finansminister Siv Jensen

Per Olaf Lundteigen (Sp)

Spørsmål

Per Olaf Lundteigen (Sp): Den svenske allmennkringkastaren SVT har nyleg publisert ein artikkel med tilhøyrande tv-innslag som viser korleis verdien av det svenske rentefrådraget er fordelt mellom ulike hushald fordelt på inntektsgrupper. Tala viser at 85 pst. av verdien av frådraget går til den halvparten med høgast inntekt.
Kan statsråden leggja fram ei oversikt over korleis verdien av det uavgrensa frådraget for renteutgifter er fordelt mellom norske hushald der hushalda er gruppert på i) inntektsdesimalar og ii) fylke?

Begrunnelse

Peikar til SVT-artikkelen "Rika får mest av statens 30 miljarder i ränteavdrag" er å finna her: http://www.svt.se/nyheter/ekonomi/rika-far-mest-av-statens-30-miljarder-i-ranteavdrag