Liv Signe Navarsete (Sp): Kan statsråden leggje fram oversikt over kva som har vore Noregs gjennomsnittlege gjennomføringsunderskot for EU-direktiv, kva som har vore gjennomsnittleg handsamingstid for EU-direktiv for kvart år sidan 1994 og kva EU-direktiv som er implementert etter EU sin tidsfrist dei siste 20 åra?
Begrunnelse
Nationen skriv fredag 27. april at Noreg tidligare har blitt kritisert av ESA fordi landet har, etter ESA si meining, brukt for lang tid på å gjere EU-direktiv til norsk lov. I fjor sommar ga ESA ut ein halvårleg resultatrapport som synte at av alle dei 31 EØS-landa var det berre Island som brukte lenger tid til nasjonal vurdering av EU-direktiv enn Noreg. Nationen skriv at regjeringa no har å syte for ei raskare innføring av EØS- reglar.
Nationen skriv at medan det såkalla gjennomføringsunderskotet til Noreg i mai i fjor var på 1,9 prosent låg snittet for dei 28 EU-landa på 0,7 prosent. Kvar Noreg plasserer seg på lista no, er ikkje klart enno, men ESA-president Oda Helen Sletnes seier at Noreg har blitt raskare til å innføre EU-direktiv.