Skriftlig spørsmål fra Per Olaf Lundteigen (Sp) til arbeids- og sosialministeren

Dokument nr. 15:850 (2014-2015)
Innlevert: 09.04.2015
Sendt: 09.04.2015
Besvart: 14.04.2015 av arbeids- og sosialminister Robert Eriksson

Per Olaf Lundteigen (Sp)

Spørsmål

Per Olaf Lundteigen (Sp): Kan statsråden leggja fram ei oversikt over alle bedrifter med VTA-plassar (namn og adresse), kor mange VTA-plassar kvar bedrift har og kor mange personar som står på venteliste hjå kvar bedrift for å få VTA-plass?

Robert Eriksson (FrP)

Svar

Robert Eriksson: Ei oversikt over alle ordinære og skjerma bedrifter som arrangerer varig tilrettelagd arbeid er vedlagd. Av oversikta går det fram namn på bedriftene, talet på avtalte plassar for varig tilrettelagd arbeid per bedrift og talet på personar på venteliste. Det er totalt 9 283 avtalte plassar, fordelt på 1 410 i ordinær verksemd og 7 873 i skjerma verksemd. Årsaka til at avtalte plassar er lågare enn 9 400 plassar, slik det er budsjettert med, er at fylka er i prosess med opptrappinga av dei 200 nye plassane som kom i budsjettet for 2015. For varig tilrettelagd arbeid i skjerma verksemd er det lagt inn talet på avtalte plassar med 100 pst. finansiering. Det manglar oversikt over varig tilrettelagd arbeid i ordinær verksemd for Hordaland og Akershus. Talet på plassar for desse fylka er lagt inn i tabellen med summen for fylket.
Talet på ventelister inkluderar berre varig tilrettelagd i skjerma verksemd. Dette talet er høgare enn det reelle behovet for plassar i desse verksemdene. Årsaker til dette er mellom anna at ein person kan vera søkt inn fleire stader og dermed står på venteliste meir enn ein stad, eller har fått plass ein stad. I nokre fylker er det ikkje innført ein praksis for registrering av ventelister. For varig tilrettelagd arbeid i ordinær verksemd er det ikkje ventelister, men fylka melder at det er behov for fleire plassar.

Vedlegg til svar:

Lenke til vedlegget i pdf-format