Skriftlig spørsmål fra Per Olaf Lundteigen (Sp) til arbeids- og sosialministeren

Dokument nr. 15:861 (2014-2015)
Innlevert: 13.04.2015
Sendt: 13.04.2015
Besvart: 24.04.2015 av arbeids- og sosialminister Robert Eriksson

Per Olaf Lundteigen (Sp)

Spørsmål

Per Olaf Lundteigen (Sp): Lov om folketrygd (folketrygdloven) § 8-51, tredje ledd, om sjukepengar til personar mellom 67 og 70 år lyder: "Sykepenger fra trygden ytes i opptil 60 sykepengedager til medlem mellom 67 og 70 år."
Kan statsråden forklara kvifor personar som er medlemer av og finansierer sjukepengeordninga gjennom inntektsgjevande arbeid ikkje skal få sjukepengar meir enn i 60 dagar når regjeringa samstundes er særs opptekne av å stimulera eldre arbeidstakarar til å stå lenger i arbeid?

Robert Eriksson (FrP)

Svar

Robert Eriksson: Retten til sjukepengar frå folkerygda til personar over 62 år må sjåast i samanheng med retten til alderspensjon frå folketrygden. Fram til 2008 blei alderspensjonen mellom 67 og 70 år avkorta hvis arbeidsinntekta oversteig to gongar grunnbeløpet. Alderspensjonistar som fekk avkorta pensjonen, det vil seie dei som hadde inntekt over to gongar grunnbeløpet, hadde ein avgrensa sjukepengerett i denne perioden. Alderspensjonistar mellom 67 og 70 år med full alderspensjon og alderspensjonistar over 70 år hadde ikkje rett til sjukepengar.
I 2011 blei det innført fleksibel pensjonsalder mellom 62 og 75 år, og ein kan ha arbeidsinntekt ved sida av utan at alderspensjonen blir avkorta. Gjennom Stortinget si handsaming av Prop. 16 L (2010-2011) blei det tatt stilling til kva slags konsekvens rett til fleksibel alderspensjon frå 1. januar 2011 skulle ha for rett til sjukepengar til personar over 62 år. Det blei vedtatt at ein skal kunne få sjukepengar etter dei vanlege reglane fram til fylte 67 år også når ein har tatt ut alderspensjon. Til personar mellom 67 og 70 år med arbeidsinntekt over to gongar grunnbeløpet blei det vedtatt at det fortsatt skulle gis ein avgrensa sjukepengerett, men at retten skulle vere uavhengig av om den sjukmelde har tatt ut alderspensjon eller ikkje. Det blei samstundes vedtatt å ikkje innføre rett til sjukepengar til personar over 70 år. Det dåverande Arbeidsdepartementet viste i lovforslaget (Prop. 16 L (2010-2011)) til at dersom inntekt etter fylte 70 år skulle gi rett til sjukepengar frå trygda, ville sjukepengeordninga bli vesentleg utvida. Faren for å bli sjuk er større i høgare alder, og departementet meinte derfor at det ikkje er rimeleg at trygda skal kompensere for tap av arbeidsinntekt på grunn av sjukdom for personar opp til 75 år.
Det er målet til regjeringa at eldre skal stå lenger i arbeidslivet. Regjeringa vil derfor leggje til rette for at dei som ønskjer det, kan jobbe lengre, og har mellom anna fremma forslag til Stortinget om å heve 70-årsreglen i arbeidsmiljølova til 72 år, jf. Prop. 48 L (2014-2015). Eit fleirtal på Stortinget slutta seg til forslaget i mars i år. Regjeringa vil også sjå nærare på velferdsytingar frå folketrygda til personar over 62 år, herunder sjukepenger og pensjon.