Skriftlig spørsmål fra Kjersti Toppe (Sp) til helse- og omsorgsministeren

Dokument nr. 15:887 (2014-2015)
Innlevert: 17.04.2015
Sendt: 20.04.2015
Besvart: 24.04.2015 av helse- og omsorgsminister Bent Høie

Kjersti Toppe (Sp)

Spørsmål

Kjersti Toppe (Sp): Kan helse- og omsorgsministeren gjere greie for korleis ein spesialitet i akutt- og mottaksmedisin vil sikre god akuttberedskap også på mindre lokalsjukehus, vil innføring av ny spesialitet for akutt- og mottaksmedisin bety at turnuskandidatar ikkje skal arbeide i akuttmottak, og vil helse- og omsorgsministeren informere om korleis ein ny spesialitet skal kunne innførast utan å føre til auka og doble vaktordningar og meir fragmentering av utrednings- og behandlingstilbodet?

Begrunnelse

Ifølgje NRK 17/4-15 vil eit fleirtal på Stortinget innføre eigen spesialitet i akutt- og mottaksmedisin. Helse- og omsorgsminister Høie uttaler til NRK at" hensikten er å ha spesialister i akuttmottakene som kan jobbe i de mindre sykehusene og sikre at vi har et godt desentralisert akuttilbud, samtidig med at disse kan jobbe i de store akuttmottakene". Men president i Legeforeningen, Hege Gjessing, uttalar til NRK at ein slik modell ikkje passar på dei mange småsjukehusa her i landet, og meiner det er betre å gi tilleggsutdanning i akuttmedisin til legar som er spesialistar i blant anna indremedisin.
Ved nedlegging av akuttfunksjoner ved Rjukan og Kragerø sykehus, blei det argumentert med i Utviklingsplanen at desse sjukehusa ikkje ville klare å oppfylle krava om at turnuskandidat ikkje skulle gå aleine i vakt . Ein eigen vaktordning med spesialist i akutt- og mottaksmedisin vil kunne vere vanskeleg å innføre som absolutt krav til vaktordning på svært mange sjukehus i Norge.

Bent Høie (H)

Svar

Bent Høie: Helsetilsynet har funne kritikkverdige tilhøve i sjukehusa sine akuttmottak. Derfor har eg mellom anna tatt initiativ til å greie ut ein ny legespesialitet retta inn på akuttmottaka. I oppdraget til Helsedirektoratet, som har ansvar for utgreiinga, er det lagt vekt på at:

- Spesialiteten kan nyttast ved alle akuttmottak uavhengig av kvar sjukehusa ligg og kor store dei er.
- Spesialiteten kan nyttast i observasjonspostar som er tilknytte dei store sjukehusa sine akuttmottak.
- Dei nye spesialistane skal kunne delta i vaktlaga ved dei små sjukehusa.

Med dette utgangspunktet har eg bede Helsedirektoratet om å søkje mot å utarbeide læringsmål for den nye spesialiteten i tråd med internasjonale krav til kompetanse i akuttmottak og observasjonspostar.
Det er diskusjon i fagmiljøa om kva for fagleg innretting som er best i ein ny spesialitet, og Helsedirektoratet informerer om at det er ulike spesialitetar internasjonalt som kan gi inspirasjon til korleis ein spesialitet best kan innrettast på behova her i Noreg. Dette er i første rekke ein diskusjon som høyrer heime i dei medisinskfaglege miljøa. Helsedirektoratet er bedne om å trekkje inn relevante fagmiljø i utgreiinga.
Eg har lagt vekt på at spesialiteten skal kunne nyttast ved alle sjukehus, også små lokalsjukehus. Alle sjukehus skal vere i stand til å handtere akutte livstruande tilstander sjølv om ikkje alle pasientar skal bli ferdig behandla der dei blir lagde inn akutt. Den nye spesialiteten er innretta på å styrke kvaliteten i akuttfunksjonen, også ved dei små sjukehusa.
Som det går fram av bestillinga mi, og som Helsedirektoratet også informerer om, er det ikkje lagt opp til at ein ny spesialitet nødvendigvis skal gi nye vaktlag. Det er ikkje legespesialitetane som skal gi premissane for sjukehusa sine vaktordningar og organisering, slik spørsmålet ser ut for å legge til grunn, men pasientane sine behov. I moderne sjukehusorganisering (jamfør til dømes observasjonspostar, diagnostiske sentra) legg ein meir vekt på lagarbeid, der ulike spesialistar samarbeider om behandlingsopplegga, som er innretta på heilskapen i pasientane sine sjukdomstilstander. Dei nye spesialistane kan både arbeide i eigne vaktlag, og arbeide saman med andre spesialistar i mottaka og observasjonspostane, slik ulike spesialistar gjer ved mange sjukehus i dag. Det er opp til kvart enkelt sjukehus å sette saman personellet ut frå kva som gir fagleg god og forsvarleg behandling, og tilpassa dei lokale behova. Det avgjerande er korleis ein nyttar den samla kompetansen på den måten som tener pasientane best.
Spesialistutdanninga for legar har vore til gjennomgang, og eg vil legge fram endringar med mål om å styrke utdanninga også i praksisfeltet. Dette arbeidet vil også omfatte dagens turnusteneste.
Eg ser fram til å legge fram for Stortinget den nasjonale helse- og sjukehusplanen som vil ta opp denne type problemstillingar i større breidde.