Kjersti Toppe (Sp): Kan statsråden gjere greie for den konkrete utviklinga i bruk av avlastningsordningar til pårørande som har omfattande omsorgsoppgåver og gjere greie for den konkrete utviklinga i bruk av omsorgsløn i kommunane og informere om kva som er Regjeringa sin plan for å følge opp St. Meld 29: Morgendagens omsorg sitt mål om å styrke dei pårørande sin stilling, slik at dette arbeidet blir verdsatt, respektert og synliggjort?
Begrunnelse
I St. meld 29, Morgendagens omsorg, blei det slått fast at det skulle utformast ein politikk som skulle bidra til at pårørande blir verdsett og synliggjort, og som gir auka likestilling og meir fleksibilitet. Det vart vedteken eit program for ein aktiv og framtidsretta pårørandepolitikk 2014-2020.I første fase av programmet blir det lagt vekt på tiltak som støttar pårørande og styrker samspelet mellom helse- omsorgstenestene og pårørande. I andre fase av programmet skal det utreiast spørsmål om endringar i dei økonomiske kompensasjonsordningane og permisjonsbestemmelsane i samarbeid med Arbeidsdepartementet. I spørjetimen 29/4-15 kunne ikkje statsråden stadfeste kor tid Regjeringa vil fremje endringar i dei økonomiske ordningane.