Liv Signe Navarsete (Sp): Vil samferdselsministeren tilføre dei naudsynte midlane slik at bygginga av den ferdig prosjekterte Loftesnesbrua i Sogndal kommune kan realiserast som nettverksbogebru og arbeidet kan startart opp i inneverande år?
Begrunnelse
I Nasjonal Transportplan som vart lagt fram i 2009 vart det bestemt at det skal byggjast ny bru, Loftesnesbrua, på rv 5 i Sogndal kommune. Brua er gamal og trafikkfårleg med manglande sikring for mjuke trafikantar og ein årsdøgntrafikk på 5 200.
Gjennom oppslag i Sogn Avis går det fram at Statens vegvesen må utsetje den planlagde oppstarten av prosjektet og starte ny utgreiing på grunn av overskridingar på 45 millionar i høve tidlegare kalkulert kostnad. Brua er prosjektert som nettverkshengebru, og bør byggjast som det etter som den i sterk grad pregar biletet av tettstaden Sogndal. Det estetiske er difor viktig.
Det er ikkje noko nytt at kostnaden på prosjekt ved detaljprosjektering kan overstige kalkylar gjort med meir grovmaska informasjon. I slike høve trengs handlekraftige politikarar som kan sikre midlar og realisere prosjekta utan å forringe kvaliteten. Framstegspartiet lova, før ein gjekk inn i regjering, at utbygging av ulike prosjekt skulle gå raskare om partiet fekk regjeringsmakt. Utsetjing av Loftesnesbrua vil ikkje vere i tråd med desse lovnadane.