Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:952 (2014-2015) Innlevert: 07.05.2015 Sendt: 08.05.2015 Besvart: 15.05.2015 av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen
Per Olaf Lundteigen (Sp): Kva lov-/forskriftsendringar er naudsynte for at dyretransport (t.d. "kubussar") kan køyra i kollektivfelta for slik å sikra at dagens krav til dyrevelferd blir oppfyllt, og vil statsråden ta initiativ til desse endringane?
Ketil Solvik-Olsen: Trafikkreglene § 5 nr. 2 fastset kva køyretøy som kan nytte kollektivfelta. Forskrifta kan endrast ved kongeleg resolusjon. Eg er samd i at det er viktig å sikre dyras velferd under transport, mellom anna ved at transporten gjennomførast på raskast mogeleg vis. Bruken av kollektivfelta må byggast på ei avveging av fleire ulike og til dels motstridande omsyn, og der særleg framkome for kollektivtrafikken og trafikksikkerheit er dei viktigaste. Departementet får og jamleg innspel frå ulike grupper som har ønske om tilgang til kollektivfelta. Kvar for seg har mange av desse gode argument for kvifor nettopp deira behov bør fremjast framfor andre sine. Kollektivfelta er under sterkt press som følgje av ei sterk auke i talet elektriske og hydrogendrivne køyretøy. På einskilde strekningar gir dette allereie store problem for kollektivtrafikken. Samferdselsdepartementet ser nå på ulike tiltak for å løyse dette. Eg vil difor prioritere å finne løysingar som kan stå seg over tid på dei utfordringane vi allereie har med kapasitet i kollektivfelta.