Liv Signe Navarsete (Sp): Korleis vil forsvarsministeren stille seg dersom det kjem førespurnad om at Noreg skal delta i militære operasjonar gjennom Nodic Battlegroup, i eller i nærleiken av Middelhavet knytt til flyktningestraumen til Europa, utan eit mandat i frå FN?
Begrunnelse
Nordic Battle Group blir beskrive som eit sterkt bidrag til EU si krisehandteringsevne. Torbjörn Larsson, leiar for Nordic Battle Group 15, seier at dersom EU bestemmer seg for å bruke Nordic Battlegroup 15, så det kan godt vere som støtte i ei humanitær oppgåve, men at dersom det er naudsynt har Nordic Battle Group også «skarp militær evne".
No vender EU seg til FNs sikkerhetsråd om støtte til ein plan for å dempe straumen av flyktningar over Middelhavet. EU sin plan kan involvere militære aksjonar mot båtar som er drivne av desse menneskesmuglarane, melder internasjonale pressebyrå. Norske folkevalde bør difor vere førebudd på at dette kan gjere at EU ynskjer eit bidrag også frå Nordic Battle Group.
FN sin generalsekretær Ban Ki-moon har på si side stadfesta at det ikkje finst noko militær løysing på den humanitære tragedia som no utspelar seg i Middelhavet. Ein kan altså ikkje vente seg at FN vil støtte militære aksjonar i Middelhavet.
Då Stortinget avgjorde at Noreg skulle bidra med styrkar til Nordic Battle Group blei det peika på, mellom anna av representantar frå Høgre, at Noreg framleis hadde full råderett over alle styrkar Noreg bidrog med.
Senterpartiet åtvara under stortingets handsaming av dette i 2004 om at Noreg si råderett over styrkene i Nordic Battle Group fort ville vise seg berre å være ein formalitet.