Skriftlig spørsmål fra Magne Rommetveit (A) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:979 (2014-2015)
Innlevert: 13.05.2015
Sendt: 15.05.2015
Besvart: 22.05.2015 av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen

Magne Rommetveit (A)

Spørsmål

Magne Rommetveit (A): Tirsdag 12.05 gjekk det ennå eit ras i Vaksdal kommune i Hordaland. Raset gjekk over E16 og jernbanesporet. Både Europavegen og Bergensbanen blei stengt, og eit persontog køyrde inn i raset. Heldigvis vart det ikkje personskade denne gongen. I april 2014 blei det lagt fram KVU for framtidig fellesløysing for bane og veg mellom Arna og Voss. Det hastar no med å få ei avgjerd om kva konsept.
Vil statsråden no gå for den tilrådde løysinga etter K5- alternativet, og kva framdrift ser statsråden føre seg?

Ketil Solvik-Olsen (FrP)

Svar

Ketil Solvik-Olsen: Dette tema var gjenstand for spørsmål i spørjetimen i Stortinget 20.05.15. Det ble ikkje prioritert midlar til dette prosjektet i NTP 2014-23, men for dagens regjering er det åpenbart at situasjonen ikkje er akseptabel. Som kjend har Statens vegvesen og Jernbaneverket i samarbeid utarbeida ein såkalla konseptvalutgreiing (KVU) for strekninga E16 Arna-Voss. I denne er det skissert ulike strategiar for utvikling av både veg og jernbane på strekninga. KVUen har vore eksternt kvalitetssikra av konsulentsamanslutninga Terramar AS og Oslo Economics AS, og rapporten blei lagt fram for departementet i desember 2014. I tillegg har KVUen vore til lokal høyring.
Anbefalingane i KVUen og frå kvalitetssikrar er heilt motstridande med tanke på val av løysing. Til dømes har det konseptet transportetatane tilrår ein foreløpig total kostnadsramme på veg og jernbane, på over 30 mrd. kr medan kvalitetssikrar anbefaler minimalt med tiltak.
Eit slikt sprik i vurderingar tilseier at vi må ytterlegare sikre at saka er så godt opplyst som mogleg og at alle omsyn er vurdert, slik at ulike fakta og forhold vektleggast på riktigast mogeleg måte i val av langsiktig løysing. Det dreiar seg om omfattande investeringar i transportinfrastruktur, som skal nyttas av trafikantane i mange tiår framover. Samferdselsdepartementet har bede Jernbaneverket om å gjere nokon tilleggsanalysar der dei mellom anna skal sjå nærare på moglege framtidige løysingar for jernbanen. Dette arbeidet vil neppe vere ferdig før ut på hausten. Departementet treng derfor noko meir tid i denne saka. Eg kan likevel forsikre om at saka har høg prioritet, og departementet tek sikte på ei snarast mogleg avgjerd så snart eit tilstrekkeleg beslutningsunderlag er teke fram.