Kjersti Toppe (Sp): Kva er metoden ulike føretak reknar ut beleggsprosenten sin på, og er det denne metoden med tidlig teljing som ligg til grunn for SSB sine nasjonale tal og internasjonal statistikk?
Begrunnelse
Stavanger Universitetssjukehus har utfordring med høg beleggsprosent. Gjennom media har helseføretaket gjort det kjent at det har vore gjort feilberekningar når det gjeld beleggsprosent, slik at beleggsprosenten er mindre enn det ein før trudde. Bakgrunnen for dette er at dei no "tel" pasientar tidleg om morgonen i staden for på ettermiddagen som ein gjorde før. Tidleg om morgonen er det mindre pasientar til stades.