Liv Signe Navarsete (Sp): Det er politisk avgjort at ansvaret for innkjøp og forvalting skal overførast frå Forsvarets logistikkorganisasjon via Forsvarssjefen til ein eigen etat i Forsvarsdepartementet.
Kva er rasjonale for denne avgjerda, og kvifor er ikkje Forsvarssjefen trekt inn i prosessen?
Begrunnelse
Aftenposten skriv 22. april at statsråden har avgjort at Forsvarssjefen skal fråtakast ansvaret for å handtere kjøp av våpensystem. Ifølgje Aftenposten er avgjerda teken utan at den militære leiinga er spurd. Forsvarssjefen er av Aftenposten sitert på følgjande: «Eg er overraska over avgjerda. Den baserer seg ikkje på ein fagmilitær anbefaling og eg har ikkje vært involvert i prosessen som ledet opp mot avgjerda.»
Tysdag 21. april sendte statsråden ut ei pressemelding der det står at «Regjeringa vil etablere ein eigen etat under Forsvarsdepartementet for å styrke materiellforvaltninga og materiellinvesteringane i forsvarssektoren.» Det sto også at: «Den nye etaten skal skiljas ut frå Forsvaret og vere direkte underlagt Forsvarsdepartementet.»
Dette må bety at Forsvarssjefen no mister ansvaret for handteringa av nesten ein tredel av Noreg sitt forsvarsbudsjett. FLO sitt budsjett var på nesten 13 milliardar, og materiellinvesteringar utgjør den desidert største delen.
Eit sentralt element for utvikling av den operative evna blir no fråteken Forsvarssjefen midt i ein prosess der han innan 1. oktober i år skal leggje fram forslag til korleis Forsvaret bør organiserast, strukturerast og bemannast.