Skriftlig spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til ministeren ved Statsministerens kontor for samordning av EØS-saker og forholdet til EU

Dokument nr. 15:997 (2014-2015)
Innlevert: 20.05.2015
Sendt: 20.05.2015
Besvart: 26.05.2015 av ministeren ved Statsministerens kontor for samordning av EØS-saker og forholdet til EU Vidar Helgesen

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Kan statsråden spesifisere kva for tryggleikspolitiske element han ser for seg vil ligge i TTIP-avtala når denne blir lagt fram, og meiner han TTIP-avtala vil innehalde tryggleikspolitiske element som ikkje vil bli tekne med i TPP-avtala?

Begrunnelse

I eit intervju med Nationen 9. april brukar statsråden sikkerheitspolitikk som eit tungt argument for at Noreg bør slutte seg til TTIP-avtala. Statsråden er mellom anna sitert på at:

«...det vi ser, er at det er mange som argumenterer sterkare og tyngre om behovet for ein TTIP-avtale no enn på lenge, og det har med tryggleikspolitikk å gjere».

Statsråden seier og at:

«TTIP er ikkje berre eit frihandelsområde, men ein måte for Vesten å slå tilbake på i internasjonale relasjonar, og det gjer jo at det er tyngre politiske argument for ein slik avtale enn vi har sett nokon gong».

Statsråden spesifiserer ikkje kva for tryggleikspolitiske element han meiner TTIP-avtala vil innehalde, ut over at han meiner TTIP-avtala vil gje økonomiske «musklar».

Medan det vert forhandla mellom EU og USA om TTIP-avtala, er USA i forhandlingar om ein liknande avtale mellom USA og 11 andre land i Stillehavsregionen. Avtalen dei forhandlar om er gjeven namnet TTP-avtala (Trans Pacific Partnership Agreement).

Vidar Helgesen (H)

Svar

Vidar Helgesen: Eg vil takke representanten Navarsete for spørsmålet, som gjev høve til å løfte fram eit aspekt ved TTIP-forhandlingane som har fått større offentleg merksemd det seinaste året, både i USA og i Europa, nemleg den geostrategiske innverknaden av ei eventuell TTIP-avtale.
Både Europa og USA vert utfordra av utviklinga i den globaliserte økonomien. Det økonomiske tyngdepunktet i verda har på historisk kort tid flytta seg austover og sørover. Denne utviklinga har ikkje berre økonomisk innverknad, men har òg politiske konsekvensar.
Det transatlantiske samarbeidet er både eit verdifellesskap og eit tryggingspolitisk fellesskap. Det siste året er vi igjen vortne minte om kor viktig dette fellesskapet er. Det er i Noreg si interesse at dette fellesskapet vert sterkare. TTIP vil representere ei slik styrking, i første rekkje økonomisk, men avtala vil òg få politiske konsekvensar.
Handel, investeringar og anna økonomisk samarbeid mellom statar er eit gode – direkte ved at det fører til utvikling og auka levestandard, og indirekte ved at det skapar bindingar som styrkjer grunnlaget for ymsesidig forståing og samarbeid, og såleis reduserer faren for konfliktar.
TTIP-forhandlingane er den mest vidfemnande samarbeidsprosessen over Atlanterhavet sidan Marshallhjelpa. Til saman står EU og USA for nærmare halvparten av BNP i verda, ein tredel av varehandelen i verda og 42 prosent av tenestehandelen i verda. TTIP dreier seg om at det vestlege fellesskapet over Atlanteren kan vinne tilbake konkurransekrafta og evna til å setje globale standardar. Slik kan Europa og USA styrkje den globale leiarrolla si. Økonomisk styrke er i sin tur avgjerande for den evna Europa og USA har til å investere i den felles tryggleiken vår.
TTIP-avtala vil medverke til eit nærmare transatlantisk samarbeid som vil styrkje alle sidene ved det politiske fellesskapet mellom delar av Europa og Nord-Amerika. Dette er bra, og det er viktig, òg for Noreg.