Skriftlig spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til utenriksministeren

Dokument nr. 15:998 (2014-2015)
Innlevert: 20.05.2015
Sendt: 20.05.2015
Besvart: 28.05.2015 av utenriksminister Børge Brende

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Kan utanriksministeren svare ja eller nei på om det finnes eit norsk mandat for TISA-forhandlingane, og fortelje når dette dokumentet er skriven?

Begrunnelse

I eit intervju med Dagsavisen 2. mai i samband med forhandlingane om TISA-avtala er statssekretær i utanriksdepartementet, Morten Høglund, sitert på at dagens regjering har «søkt meir offentligheit enn noko anna regjering har gjort i ein handelsavtaleprosess».
EU har som deltakar i TISA-forhandlingane allereie offentleggjort sitt forhandlingsmandat. Dokumentet gav informasjon om kva som er EU sine mål i TISA-forhandlingane. EU gjer i mandatet sitt greie for fleire element i TISA-avtala. Mellom desse er ei omtale av dei kontroversielle klausulane «frys» og «skralle», som mellom andre fagforeiningar og andre organisasjonar fryktar kan avgrense det politiske handlingsrommet for folkevalde.
Eg har tidligare spurd om det er skriven noko norsk mandat for TISA-forhandlingane, utan å få eit klart svar. Det herskar fortsatt forvirring om det finnes noko norsk forhandlingsmandat. Enkelte folkevalde referer fortsatt til at regjeringa skal forhandle ut i frå sitt mandat, og seinast mandag 18. mai skriv Unge Høgre i Adresseavisen at «faktum er at det norske mandatet ligg på regjeringa sine heimesider slik at alle kan lese det». Det er avgjerande at regjeringa no avklarar om det er skriven noko mandat for TISA-forhandlingane.

Børge Brende (H)

Svar

Børge Brende: Ja, det finnast eit norsk mandat for TISA-forhandlingane. Det vart skrive i november 2013 då regjeringa stadfesta mandatet til å ta del i forhandlingane, i samband med at vi la fram vårt opningstilbod. Grunnlaget for denne avgjerda, og regjeringa sine overordna posisjonar i forhandlingane, blei offentleggjorde 17. mars 2015 på regjeringa si nettside. Dette er det gjeldande norske mandatet i forhandlingane.
Det norske opningstilbodet blei også offentleggjort like etter at det blei lagt fram i november 2013.
Avgjerda om at Noreg skulle ta del i TISA-forhandlingane då dei tok til våren 2013, blei fatta av Stoltenberg II-regjeringa.