Skriftlig spørsmål fra Kjersti Toppe (Sp) til statsministeren

Dokument nr. 15:1017 (2014-2015)
Innlevert: 22.05.2015
Sendt: 26.05.2015
Rette vedkommende: Samferdselsministeren
Besvart: 01.06.2015 av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen

Kjersti Toppe (Sp)

Spørsmål

Kjersti Toppe (Sp): Vil regjeringa syte før naudsynte, økonomiske midlar som strakstiltak for å sikre trygg veg og hindre farlege ras på E16 mellom Bergen og Voss?

Begrunnelse

I svaret til underteikna i spørjetimen 20. mai svara samferdselsministeren at han ville vurdere ekstramidlar for å trygge veg og bane mellom Bergen og Voss. Dagen etter, 21. mai, gikk det nytt ras som stengde vegen. Vi har ei rekke eksempel rundt i landet på at slike alvorlege ras vert løyst ved ekstraordinære bevillingar til rassikring.

Ketil Solvik-Olsen (FrP)

Svar

Ketil Solvik-Olsen: Eg har etter rasa som gjekk 12. og 21. mai henvendt meg til Statens vegvesen for å få ei vurdering av kva for nokre rassikringstiltak som kan setjast inn på kort sikt på E16 mellom Bergen og Voss.
Statens vegvesen har montert utstyr for kontinuerlig kartlegging av rørsler i berget kor rasa gjekk ved hjelp av radarovervåking. I tillegg er det kjøpt inn eit system som skal hengast under helikopter for å lausa ut snøskred; «Daisy Bell». Systemet blir levert hausten 2015 og kan følgeleg bli prøvd ut vinteren 2015-2016 utan ytterlegare kostnader. Daisy Bell-systemet krev flygevér for helikopter og god sikt, og er difor meir begrensa i bruk enn eit fastmontert system for forebyggjande snøraskontroll. Det blir difor sett nærare på moglegheiten for å etablere eit permanent anlegg for automatisk varsling av ras, basert på radar eller geofonar for å detektere ras og kopling til lyssignal og automatiske bommar for å stengje vegen. Eit slikt rasvarslingsanlegg kan etablerast i løpet av 2015 eller 2016. Ut over dette er vurderinga at det er vanskeleg å få god effekt av kortsiktige/mellombelse tiltak i Bogelia.
Statens vegvesen har i sitt handlingsprogram for perioden 2014-2017 (2023) lagt til grunn eit behov på 100 mill. 2014-kr til mindre omfattande rassikringstiltak på E16 mellom Voss og Arna, kor 26 mill. kr er prioritert i 2016 og 2017. Det er difor utarbeida konkurransegrunnlag for gjennomføring av rassikringstiltak innafor ei økonomisk ramme på 25-30 mill. kr.
Følgjande tiltak inngår:

- Dale: Fjellsikring, rensk i terrenget og oppsetting av fanggjerde.
- Kattagjel: Fjellsikring/bolting av lause steinblokker og oppsetting av fanggjerde.
- Dalevågtunnelen aust: Terrengtiltak/rasvoll og oppsetting av fanggjerde.
- Steganestunnelen sør: Auking av høgda på rasvoll og oppsetting av fanggjerde.
- Steganestunnelen nord: Oppsetting av fanggjerde. I dette området er det også ein såkalla «pinakkel» som blir overvaka for å sjå om sprekkene i fjellet utvikler seg – denne overvakinga vil holde fram.
- Kråkeberget: Rensk av skjæringar, sikring med boltar og montering av issikringsnett.