Skriftlig spørsmål fra Astrid Aarhus Byrknes (KrF) til arbeids- og sosialministeren

Dokument nr. 15:1040 (2014-2015)
Innlevert: 28.05.2015
Sendt: 29.05.2015
Besvart: 09.06.2015 av arbeids- og sosialminister Robert Eriksson

Astrid Aarhus Byrknes (KrF)

Spørsmål

Astrid Aarhus Byrknes (KrF): Arbeidsavklaringspenger (AAP) er ein statleg ytelse som ein har krav på å få i bestemte livssituasjonar for å kunne kvalifisere seg for arbeid. Sosialstøtte er ein kommunal ytelse som ein har krav på etter at alle andre utvegar er prøvd.
Er det rett og etter intensjonen at oppsparte midler som bustadsparing for ungdom (BSU) skal gå inn i berekninga av desse ytelsane?

Begrunnelse

Når berekningsgrunnlaget vert gjort for ytelser til AAP og sosialstønad vert alle oppsparte midler rekna med før ein får sin ytelse. Dette gjeld også for ungdom som har gjort ein innsats ved å spare til eigen bustad gjennom BSU. Når desse ungdomane kjem i den situasjon at dei må henvende seg til NAV grunna sin spesielle livssituasjon, så får dei beskjed om at dei fyrst må bruke opp sine sparepenger og sin BSU-konto før dei kan få sin ytelse. BSU-kontoen vert då oppbrukt til andre formål og kan ikkje gjenopprettast på eit seinare tidspunkt. Den er tapt for alltid, og ein kan heller ikkje gå i gong med ny BSU-sparing. Det er eit paradoks og sosialt urettferdig dersom regleverket tvinger ungdom til å bruke av BSU før ein får ein ytelse til livsopphald ein har krav på.

Robert Eriksson (FrP)

Svar

Robert Eriksson: Økonomisk stønad er ei subsidiær yting for alle som ikkje kan sørgje for seg sjølve gjennom arbeid eller ved andre økonomiske rettar, medrekna arbeidsavklaringspengar (AAP). Hovudprinsippet for handsaming av søknad om økonomisk stønad til livsopphald (sosialhjelp) er konkrete og individuelle vurderingar av stønadsbehovet. Den einskilde har i utgangspunktet ansvar for å sørgje for eige livsopphald ved å utnytte alle reelle inntektsalternativ, medrekna bankinnskot, formue og eigenkapital. Når det gjeld bustadsparing for ungdom, tillèt rundskrivet til sosialtjenestelova at kommunane kan ta omsyn til tenestemottakar sin framtidige bustadsituasjon og moglegheit for etablering på bustadmarknaden. Her kan kommunane etter gjeldande regelverk sjå bort frå BSU-midlar etter ei konkret vurdering.
Arbeidsavklaringspengar skal sikre inntekt i periodar ein på grunn av sjukdom eller skade treng bistand frå Arbeids- og velferdsetaten for å komme i arbeid. Bistanden kan bestå av arbeidsretta tiltak, medisinsk behandling eller anna oppfølging frå etaten. Arbeidsavklaringspengane utgjer 66 prosent av inntektsgrunnlaget (tidlegare pensjonsgivande inntekt), men likevel minst to gonger grunnbeløpet per år. Arbeidsavklaringspengar blir ikkje inntektsprøvd mot formue eller andre oppsparte midlar som BSU. Eg kan ikkje sjå at vilkåra knytte til økonomisk stønad eller AAP kan seiast å ta frå ungdom høvet til å spare til eigen bustad, sjølv om ein har behov for økonomisk hjelp i ein kortvarig periode.