Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Skriftlig spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til utenriksministeren

Dokument nr. 15:1060 (2014-2015)

Innlevert: 02.06.2015
Sendt: 03.06.2015
Besvart: 10.06.2015 av utenriksminister Børge Brende

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Kan utanriksministeren offentleggjere det (opphavlege) norske mandatet for TISA-forhandlingane som vart skrive i november 2013, og meiner utanriksministeren at regjeringas posisjonspapir no er det gjeldande norske mandatet for TISA-forhandlingane?

Begrunnelse

Onsdag 20. april sende eg eit spørsmål til utanriksministeren der eg bad han avklare om det finnes eit norsk mandat for TISA-forhandlingane, og fortelje når dette dokumentet er skriven.
Utanriksministeren gav meg følgjande svar:

«Ja, det finnast eit norsk mandat for TISA-forhandlingane. Det vart skrive i november 2013 då regjeringa stadfesta mandatet til å ta del i forhandlingane, i samband med at vi la fram vårt opningstilbod. Grunnlaget for denne avgjerda, og regjeringa sine overordna posisjonar i forhandlingane, blei offentleggjort 17. mars 2015 på regjeringa si nettside. Dette er det gjeldande norske mandatet i forhandlingane.»

Det verker ut i frå dette svaret som utanriksministeren no meiner at regjeringa sitt posisjonspapir er det gjeldande norske mandatet for TISA-forhandlingane.

Børge Brende (H)

Svar

Børge Brende: Regjeringa stadfesta i november 2013 vårt mandat i TISA-forhandlingane, i samband med framlegginga av opningstilbodet Noreg la fram. 17. mars 2015 offentliggjorde regjeringa innhaldet i det norske mandatet slik det vart vedteke i november 2013. Det norske posisjonspapiret er Noreg sitt mandat i TISA-forhandlingane.