Skriftlig spørsmål fra Gunhild Berge Stang (V) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1074 (2014-2015)
Innlevert: 04.06.2015
Sendt: 05.06.2015
Besvart: 17.06.2015 av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen

Gunhild Berge Stang (V)

Spørsmål

Gunhild Berge Stang (V): Vil statsråden sørgje for at Statens vegvesen, innanfor konseptutvikling og prosjektering for fergefri E39, opne for private aktørar og ulike teknologikonsept, slik at vi kan vere trygge på at dei beste og rimelegaste løysingane vert lagt til grunn?

Begrunnelse

I skriftleg spørsmål til statsråden 21. februar 2014 spurte representanten Sveinung Rotevatn om regjeringa vil arbeide for at private miljø i større grad vil bli engasjert i prosjekteringa av større bruprosjekt, til dømes i arbeidet med fergefri E39. I sitt svar 4. mars 2014 skreiv statsråden at «det meste av prosjekteringsarbeidet [på fergefri E39] vil bli utført i privat regi». Sidan denne lovnaden vart given, har Statens Vegesen ved ei rekke høve understreka at konseptutvikling og prosjektering for fergefri E39 skal gjerast av etaten sjølv, sist understreka av prosjektleiar Jorunn Sekse til NRK Sogn og Fjordane 6. mars 2015. Diverre ser kostnadane ved fergefri E39 ut til å auke monaleg. Det opphavelege kostnadsanslaget er allereie kraftig oppjustert. Frå fylkene som ser fram til bruavløysing, kjem det uromeldingar om at SVV sine ønskje om eiga teknologiutvikling medfører at dei rimelegaste og beste løysingane kanskje ikkje blir valde, til dømes flytande røyr-tunnelar i staden for flytebruer.

Ketil Solvik-Olsen (FrP)

Svar

Ketil Solvik-Olsen: Regjeringa har ein ambisjon om å binde Vestlandet saman gjennom ein opprusta og ferjefri E39. Statens vegvesen har fått i oppdrag å innrette planlegginga slik at det kan vere mogleg å realisere ein utbetra og ferjefri E39 i løpet av tjue år. I Prop. 1 S (2014-2015) er det lagt til grunn at Statens vegvesen vil gjennomføre planlegging på fleire delstrekningar på E39 i 2015. Denne planlegginga blir gjort i regi av Statens vegvesen, men det er private krefter som i stor grad står for den praktiske gjennomføringa av planlegginga.

I tillegg til planlegging etter plan- og bygningsloven, går det føre seg eit omfattande arbeid i regi av Statens vegvesen som grunnlag for val av løysing for fleire av fjordkryssingane. For kryssinga av Bjørnafjorden i Hordaland driv ein eit arbeid med tre ulike bruløysingar, der alle tre blir utvikla av private aktørar. På Sulafjorden og Halsafjorden greier ein ut to løysingar på kvar, der det eine er i regi av Statens vegvesen (saman med ein ekstern konsulent).

Private aktørar er og skal fortsatt vere involvert i alle fasane av ferjefri E39. Mitt svar til representanten Sveinung Rotevatn 4. mars 2014 står difor ved lag.