Kjersti Toppe (Sp): Meiner statsråden at ein 5 vekers regel for utanlandsopphald ved bruk av BPA er diskriminering og vil statsråden eventuelt gripe inn i Bergen kommune si praktisering av BPA (brukarstyrt personleg assistent) og presisere regelverket for slik også å hindre at liknande kan skje i andre kommunar for personar med rett til BPA?
Begrunnelse
Viser til dokument nr. 15:1072, spørsmål frå representant Audun Lysbakken om denne saka. Statsråd Høie har ikkje ville stadfeste om Bergen kommune sin praksis er i strid med lova, og Bergen kommune fortset difor sin praksis slik at brukaren ikkje kan delta på utvekslingsstudie.