Kjersti Toppe (Sp): Er det i tråd med Stortingets lovforslag om rett til BPA (brukarstyrt personlig assistent) at kommunar lagar ein generell avgrensing i denne retten der ein ikkje kan nytte ordninga lengre enn 5 veker utanfor landets grenser, og vil statsråden gjere ei ny vurdering der han går inn og avklarar om Bergen kommune sin praksis er lovlig, eller ulovlig?
Begrunnelse
Viser til representanten Audun Lysbakken sitt spørsmål. dokument 15:1072, der statsråden svarar at dersom ein kommune skal avgrense brukarstyringa, må denne avgrensinga ha eit sakleg grunnlag. Statsråden svarar og at han ikkje kjenner til 5 vekers regelen i Bergen og ikkje kan vurdere saka. Underteikna meiner det er viktig at departement gir klar tilbakemelding i denne saka og at ein får ei vurdering av om kor vidt ein slik praksis er i tråd med stortingets lovvedtak, eller ikkje. Dersom ikkje det kjem ei slik avklaring, vil Bergen kommune fortsette denne praksisen. Det vil gå utover brukaren, men ein kan også risikere at andre kommunar lagar likelydande, generelle reglar, og at dette slik blir ein etablert praksis.