Skriftlig spørsmål fra Sveinung Rotevatn (V) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1137 (2014-2015)
Innlevert: 15.06.2015
Sendt: 15.06.2015
Besvart: 18.06.2015 av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen

Sveinung Rotevatn (V)

Spørsmål

Sveinung Rotevatn (V): Er statsråden uroa for det framtidige rutetilbodet ved Florø lufthamn som følgje av kommersialisering av flyrutene kombinert med nedgang i passasjertal?

Begrunnelse

7. mai vart det klart at det frå 1. april 2016 ikkje blir statlege kjøp av rutene Florø-Oslo og Florø-Bergen. At ein opnar for kommersialisering kan i utgangspunktet ha mange positive effektar, og det er dei høge passasjertala ved Florø lufthamn som ligg til grunn for avgjersla. Samstundes er det alltid ein risiko for at rutetilbodet kan bli dårlegare når ein går vekk frå statlege rutekjøp. Frykta for dette er sterkt aukande i Florø, ikkje minst sett i lys av trafikknedgangen ein har sett ved lufthamna den siste tida. Florø lufthamn er sterkt avhengige av aktivitetsnivået i petroleumsnæringa. Med fallet i oljepris, og den påfølgjande nedgangen i investeringsar, ser ein allereie til dels dramatiske utslag for trafikken. I Avinor sin passasjerstatistikk for mai går det fram at Florø lufthamn har ein nedgang i passasjertal på 19,4 prosent. For offshorepassasjerar var nedgangen på heile 31,6 prosent. Dette gjer at det kan stillast spørsmål ved om kommersialiseringa av rutetilbodet til og frå Florø kan vere noko forhasta, gitt at dei høge passasjertala ein har sett dei siste åra kanskje ikkje vil vedvare.


Ketil Solvik-Olsen (FrP)

Svar

Ketil Solvik-Olsen: På strekningar med stort trafikkpotensial er det ikkje naturleg at staten kjøper flyrutetenester. Situasjonen for dei ulike flyrutene blir vurdert ved kvar anbodsrunde. I samband med utlysning av nytt anbod på regionale ruteflygingar i Sør-Noreg frå 1. april 2016 blei flyrutene frå Florø til Bergen og Oslo, saman med flyruta mellom Ørsta-Volda og Oslo, vurdert som tilstrekkelig trafikksterke for rutedrift på kommersielle vilkår. For Florø er det også verdt å merke seg at flyrutene i den inneverande kontraktperioden blir flogne med einerett, men utan tilskot etter eit nullanbod.
Som eit ledd i arbeidet med nytt anbod innhenta Samferdselsdepartementet eit fagleg grunnlag gjennom ei ekstern utgreiing frå Transportøkonomisk institutt og Møreforsking. Rapporten har vore på offentleg høyring. I rapporten er det mellom anna utarbeidd trafikkprognosar for dei ulike flyrutene for perioden 2016-2020. For flyruta Florø-Bergen er det berekna ein forventa årleg trafikkvekst på 3,2 prosent, mens veksten for flyruta Florø-Oslo er berekna til 2,2 prosent. Det er sjølvsagt knytt uvisse til denne typen prognosar, og trafikken på Florø vil vere påverka av endringar i aktivitetsnivået i petroleumssektoren.
Ved ein overgang til kommersiell drift må ein rekne med at det kan bli endringar i pris og rutetilbod, noko som er omtala i utgreiinga frå Transportøkonomisk institutt og Møreforsking. Færre passasjerar enn venta vil også kunne ha konsekvensar for rutetilbodet, men også innafor ordninga med statleg kjøp er det opna for å redusere tilbodet om gjennomsnittleg kabinfaktor (setefyllingsgrad) fell under 35 prosent i anbodsperioden. Dette vil også gjelde for flyrutene i Sør-Noreg frå 1. april 2016.
Eg har merka meg nedgangen i trafikken på Florø, men eg meiner det er for tidleg å uroe seg over det framtidige rutetilbodet ved lufthamna, og at det er grunnlag for eit marknadsbasert tilbod med ein tilfredstillande transportstandard etter 1. april 2016.