Skriftlig spørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til arbeids- og sosialministeren

Dokument nr. 15:1164 (2014-2015)
Innlevert: 18.06.2015
Sendt: 18.06.2015
Rette vedkommende: Næringsministeren
Besvart: 29.06.2015 av næringsminister Monica Mæland

Fredric Holen Bjørdal (A)

Spørsmål

Fredric Holen Bjørdal (A): Har regjeringa innført heimelen for å avgrense talet på kontraktsledd slik regjeringa har lova, og kvifor meiner regjeringa at en slik heimel skal avgrensast til berre utvalde bransjar?

Begrunnelse

Statsråd Eriksson reagerer prisverdig med sterke ord når det blir avdekka arbeidsmarknadskriminalitet, seinast i Nettavisen sitt oppslag om «veimafiaen». Arbeidarpartiet foreslo i Dokument 8:20 S (2014-2015) å stille krav om maksimalt to ledd i kontraktskjedene i offentlege anbod. Dette røysta regjeringspartia mot. Regjeringa har i sin strategi mot arbeidsmarknadskriminalitet ein mindre tydeleg lovnad om å «Innføre en hjemmel i regelverket for offentlige anskaffelser for å kunne begrense antallet kontraktsledd i bransjer der det er særskilte utfordringer.» Etter Arbeidarpartiet sitt syn burde heimelen gjelde generelt og ikkje avgrensast til einskilde bransjar. All erfaring viser at det er vanskeleg å ha full oversikt over kvar sosial dumping og arbeidsmarknadskriminalitet vil breie om seg framover. Arbeidarpartiet er opptekne av at det blir vist handlekraft, i tillegg til store ord, i kampen mot arbeidsmarknadskriminalitet.

Monica Mæland (H)

Svar

Monica Mæland: Kriminalitet i arbeidslivet er eit aukande problem. Dei som driv systematisk i strid med lover og reglar, øydelegg for heile arbeidslivet. Konsekvensane er alvorlege for den einskilde arbeidstakar som det går ut over, for verksemdene og bransjane og for samfunnet samla sett. Regjeringa ønsker difor meir målretta og effektive verkemiddel for å sikre seriøsitet i arbeidslivet.
Eit av tiltaka som regjeringa vil gjennomføre, er å innføre avgrensingar på talet på ledd i kontraktskjeden i offentlege anskaffingar. Dette inneber at innkjøparane må stille krav om at leverandørane set grenser for kor mange ledd det kan vere i kjeda av underleverandørar. Forslaget gjeld bransjar der det er særlege utfordringar med arbeidslivskriminalitet. Dette vil gjere det enklare å føre kontroll og å kommunisere med dei enkelte ledda i kjeda.
Eit slikt pålegg må ha lovheimel. Nærings- og fiskeridepartementet vil fremje ein lovproposisjon om ny lov om offentlege anskaffingar til hausten eller vinteren, der ein slik lovheimel vil vere omfatta. Vidare må dei nærmare detaljane fastsetjast i forskrift. Departementet vil sende eit forslag til ein slik forskriftsregulering på høyring til hausten.
Den nye reguleringa vil innebere ein plikt for offentlege oppdragsgivarar om å avgrense talet på kontraktsledd i kjeda, utan ein nærare vurdering av om dette er nødvendig i kvar enkelt sak. Påbodet kan difor ikkje spenna for vidt. Eit påbod som går lengre enn det som trengst for å oppnå målet om å unngå useriøsitet i arbeidslivet, vil for det fyrste leggje lite ynskjelege grenser for oppdragsgivars høve til å velje det beste tilbodet. For det andre vil det vere i strid med EØS-avtala. Ei grense for kor mange ledd det kan vere i kjeda av underleverandørar vil vere ein restriksjon som hindrar den frie utvekslinga av tenester. Avgrensing vil i praksis gjere det vanskelegare for utanlandske leverandørar og underleverandørar å kome inn på den norske marknaden. EØS-avtala set difor grenser for kor langt Noreg kan gå. Vi meiner at dersom regelen avgrensast til bransjar der det er særlege utfordringar med arbeidslivskriminalitet, vil kravet til nødvendigheit og proporsjonalitet vere oppfylt, og påbodet vil ikkje vere i strid med EØS-avtala.
Eg understrekar at sjølv om påbodet berre skal gjelde utvalde bransjar, er det ikkje noko i vegen for at oppdragsgivaren vel å avgrense talet på kontraktsledd også i andre innkjøp, dersom det skulle vise seg å vere et behov for det i den konkrete saka.