Skriftlig spørsmål fra Geir Pollestad (Sp) til fiskeriministeren

Dokument nr. 15:1232 (2014-2015)
Innlevert: 26.06.2015
Sendt: 29.06.2015
Besvart: 03.07.2015 av fiskeriminister Elisabeth Vik Aspaker

Geir Pollestad (Sp)

Spørsmål

Geir Pollestad (Sp): Er statsråden nøgd med å ha bidrege til å avvikle norsk selfangst ved å kutte støtta til næringa utan overgangstid eller ynskjer statsråden å sjå på løysingar for at ein framleis kan ha norsk selfangst?

Elisabeth Vik Aspaker (H)

Svar

Elisabeth Vik Aspaker: Det er ikkje eit mål for denne regjeringa å avvikle norsk selfangst, og det har gjennom fleire tiår vore ein bred politisk semje om å forsvare Noregs rett til å drive selfangst. Dette støtter eg.
Derfor er det, som tidlegare, også i år satt av ein kvote på Grønlandssel i Vestisen og Austisen. I år gjekk det eitt fartøy på fangst i Vestisen. Eg ser gjerne at det går fleire fartøy på fangst i framtida. Samstundes bør det ikkje være statens oppgåve å finansiere denne enkeltnæringa i så stor grad, utan at støtta bidrege til auka verdiskaping og lønnsemd for næringa. Dei offentlege tilskota har i lang tid utgjort ein for stor del av næringas totale inntekter. Generelt ynskjer eg å foreslå prioritering av budsjettmidlar til prosjekt som bidreg til auka verdiskaping.
Det er eit mål at selfangstnæringa, slik som det meste av anna næring, bør stå på eigne økonomiske bein. Forholda i marknadene for selprodukt er krevjande. Kvalfangstnæringa har stått overfor liknande utfordringar som selfangsten. I dag lev den næringa utan særlege støtteordningar.
Eg vil vise til fleirtalet i næringskomiteen og deira merknad i innstillinga i samband med. budsjetthandsaminga:
"Flertallet er oppmerksomme på at det at støtten ikke videreføres, ikke trenger være til hinder for videre selfangst. Det vil imidlertid kreve at selnæringen omstiller seg og tar ansvar for egen lønnsomhet, utvikler produkter og bygger markeder. Selv om selfangststøtten ikke videreføres, vil det fortsatt bli fastsatt årskvoter for selfangsten, dersom det er interesse for dette."
Stortinget valde heller ikkje å innføre ein overgangsordning eller nedtrappingsplan da kuttet vart gjennomført.
Det er førebels ikkje vurdert å foreslå å innføre særlege ordningar for støtte til selfangstnæringa på nytt.