Sveinung Rotevatn (V): Vil regjeringa jobbe for at nordmenn får rett til å delta ved lokalval i andre EØS-land?
Begrunnelse
Artikkel 22 i Maastricht-traktaten gav alle EU-borgarar rett til å delta i lokaldemokratiet uavhengig av kva medlemsstat dei oppheld seg i. Dette gjeld både retten til å stemme og retten til å stille til val.
Denne retten gjeld likevel ikkje for nordmenn, trass i at EØS-avtalen er basert på eit likebehandlingsprinsipp og Noreg sjølv fører ein liberal praksis når det gjeld stemmerett for utlendingar.
At utlendingar engasjerer seg i lokalpolitikken er noko vi opplever som ein stor verdi i Noreg, og formodentleg også i andre land. Det er med på å styrke integreringa, og det bidreg til utveksling av kulturell og politisk erfaring.
For mange nordmenn som bur og jobbar i andre europeiske land vert dette opplevd som lite rettferdig. At Noreg fører ein svært streng praksis for doble statsborgerskap, gjer det ikkje enklare for norske statsborgarar å oppnå demokratiske rettar i landet ein oppheld seg.
Det ville vore svært positivt om regjeringa, både på bilateralt og multilateralt nivå, kunne jobbe for nordmenn sine demokratiske rettar i andre EØS-land.