Abid Raja (V): Kva kan staten gjere for å avhjelpe ekstraordinære økonomiske utfordringar for lokale styresmakter som oppstår i situasjonar som tunnelulukka i Skatestraumtunellen i Bremanger?
Begrunnelse
Den 15. juli eksploderte ein tankbil-hengar med 16.500 liter bensin nede i den undersjøiske Skatestraum-tunellen i Bremanger i Sogn og Fjordane. Skadane etter eksplosjonen og den påfølgjande brannen er svært store. Statens Vegvesen seier at det vil ta minst eit halvt år før tunnelen kan opnast igjen.
Skatestraumtunnelen er den einaste fastlandsforbindelsen for Bremangerlandet, som er den største øya i Sogn og Fjordane med over 1.000 innbyggjarar og eit rikt næringsliv innanfor m a fiskeri og reiseliv. For å avbøte situasjonen har Sogn og Fjordane fylkeskommune på kort varsel gjenoppretta det nedlagde ferjesambandet Smørhamn-Kjelkenes. Både på dette sambandet og det andre ferjesambandet til Bremangerlandet, Måløy-Oldeide, er det imidlertid lenge mellom ferjeavgangane, ingen nattferjer og tidleg slutt på rutene om kvelden.
I tillegg til den vanskelege situasjonen ulukka har skapt for folk og bedrifter på Bremangerlandet og Bremanger kommune som heilskap, har ulukka ført til store, ekstraordinære utgifter for lokale styresmakter. Statens Vegvesen anslår førebels kostnadene med å utbetre tunnelen på fylkesvegen til "nokre titals millionar kroner". I tillegg kjem store ekstrakostnader for fylkeskommunen med å gjenopprette ferjesambandet Smørhamn-Kjelkenes, og Bremanger kommune sine ekstra kostnader knytt til endringar i beredskap, kommunale tenester etc.
Konsekvensar og kostnader knytt til ulukka i Skatestraumtunnelen kan sidestillast med større naturskade-situasjonar. I slike tilfelle er det vanleg at staten stiller opp og er med på eit spleiselag for å avhjelpe lokale styresmakter som blir råka med dei ekstraordinære utgiftene som oppstår. Det ville ikkje vere unaturleg at ein vurderer ei liknande ordning i dette tilfellet, spesielt med tanke på dei store ekstraordinære utgiftene knytt til tunnelutbetring og ferjedrift.