Kjersti Toppe (Sp): I Bergen kommune har 99 barn blitt kasta ut frå SFO og barnehage i vår på grunn av manglande foreldrebetaling. Det på tross av at kunnskapsministeren i vår ba kommunen om å endre praksis. I følgje NRK Hordaland har 42 av SFO-borna fått plassen tilbake, medan 27 born ikkje har fått ny plass.11 born mista barnehageplassen, fem av dei har ikkje begynt i barnehage igjen etter at dei blei "sagt opp".
Vil statsråden stoppe denne barnefiendtlege praksisen i Bergen og andre kommunar?
Begrunnelse
Viser til tidlegare svar på same problemstilling, og at det vart presisert frå Regjeringa at born ikkje skal kunne nektast SFO eller barnehageplass fordi foreldre har hatt tidlegare betalingsoppfordringar. Det viser seg at praksisen fortsetter, og at fleire born "droppar" ut av barnehage/SFO eine og aleine på grunn av at foreldra har hatt problem med å betale rekninga. Det er viktig å få avklart om det er rett etisk sett ha same reglar for kjøp av barnehage- og SFO tilbodet som for kjøp av andre varer og tenester, der varer kan bli "inndratt" dersom betalinga ikkje finn stad. Underteikna meiner dette er ein inhuman måte å drive betalingsinnkrevjing på, og at ein som eit minimum må syte før at det kunnskapsministeren sjølv sa til Stortinget for eit halvt år sidan, blir følgt opp i kommunane.