Ingrid Heggø (A): Redningshelikopterbasen i Florø er sett ut på sivilt anbod og konsekvensane av å gå frå at Forsvarets 330 skvadron driftar basen er stor. Forsvaret flyr på eit heilt anna regelverk enn sivil luftfart.
Er det laga ROS-analyse på konsekvensane på overgang frå at forsvaret driftar det til sivil operatør, og kan ministeren garantere minst like god og sikker teneste for innbyggarane med sivil drift?
Begrunnelse
Forsvarets 330 skvadron har 42 års generell erfaring med søk og redningsoppdrag, og 6 års stedlig erfaring frå Florø-basen med særs teknisk krevjande fjell- og fjordterreng som operasjonsområde. Ein sivil operatør kan heilt sikkert ta oppdraget, men det er vanskelig å sjå korleis ein sivil operatør frå dag ein, og i løpet av 3 år, skal opparbeide god nok erfaring til å løyse dei utfordringane som ein vil møte.
I verste fall kan liv gå tapt viss man av flysikkerheitsmessige årsaker eller andre årsaker ikkje kan gjennomføre oppdraget til fulle. Dette ville ein ROS-analyse kunne avdekke. I tillegg må nemnast at forsvaret flyr på eit heilt anna regelverk enn sivil luftfart. Dette er ein del av dei store fordelane som er med på å gje svært høg gjennomføringsgrad til 330 skvadronen. Det vil i prinsippet seie at 330 skvadronen flyr oppdrag som sivile må kansellere pga for eksempel værforbehold. I tillegg er det kome endringar der redningshelikopter skal brukast til kontraterror. Eg etterlyser ROS-analysen på endringane og er oppteken av at sivilbefolkningen skal ha same gode teneste i framtida som i dag. Det må ikkje bli slik at man reduserer 330 skvadronen sin SAR-beredskap på Nord-vestlandet og det sentrale Austlandet på bekostning av å auke 330 skvadronen avdeling Rygge sin beredskap i forhold til kontraterror -oppdrag.
Det er Rygge tiltenkt å bruke 330 skv til SAR/Luftambulanse og auka kontraterror beredskap. Dette kan muligens vera ein god ide forutsatt at det ikkje går på bekostning av primæroppgåva til redningshelikoptera som er søk og redning. Det kan ikkje vera slik at sivilbefolkningen vert tilbydd ei anna dårlegare redningsteneste fordi den dedikerte nasjonale ressursen skal brukast til auka beredskap til kontraterror virksomhet kystnært i Oslofjorden.