Fredric Holen Bjørdal (A): Søre Sunnmøre tingrett og Sunnmøre Jordskifterett har i seinare tid vore i ein prosess med samlokalisering i Ørsta/Volda. Denne har no blitt stoppa av Domstoladministrasjonen (DA). Samstundes har DA no overraskande varsla at Søre Sunnmøre tingrett kan bli lagt ned som eit ledd i ein større strukturprosess.
Er det denne prosessen som er årsaka til at samlokaliseringa i Ørsta/Volda vart stoppa, og er strukturendringa i domstolane noko departementet har bestilt, eller er det sett i gang av DA på eige initiativ?
Begrunnelse
Domstoladministrasjonen har no, rett etter valet, initiert ein prosess med strukturendringar for førsteinstansdomstolar, mellom desse Søre Sunnmøre tingrett og Sunnmøre tingrett som blir vurdert slått saman. Dette skjer svært overraskande, særleg i lys av at Søre Sunnmøre tingrett i Volda og Sunnmøre jordskifterett i Ørsta i seinare tid har vore i ein prosess med samlokalisering i Ørsta/Volda-området. Denne har no blitt stoppa av Domstoladministrasjonen.