Skriftlig spørsmål fra Bård Vegar Solhjell (SV) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1474 (2014-2015)
Innlevert: 25.09.2015
Sendt: 28.09.2015
Besvart: 05.10.2015 av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen

Bård Vegar Solhjell (SV)

Spørsmål

Bård Vegar Solhjell (SV): Fram til midten av 90-talet gjekk det persontog på Østfoldbanen si austre linje mellom Mysen og Sarpsborg. Sidan den gong har merksemda rundt eit grønt skifte i transportsektoren auka markant. Det er også fleire menneske busett i regionen. Spora ligg der enno, og er køyrbare. Strekninga har heilt nytt signalanlegg, sidan den er blitt brukt til å teste ut det nye anlegget som skal takast i bruk nasjonalt.
Vil regjeringa vurdere å ta opp att drift på strekninga, eller greie det ut i samband med ny nasjonal transportplan?

Ketil Solvik-Olsen (FrP)

Svar

Ketil Solvik-Olsen: Austre linje er ei viktig jernbanestrekning. Effektiv og påliteleg infrastruktur er viktig for å skapa betre bu- og arbeidsregionar. Områda langs Austre linje kan vere med på å ta ein del av auken i folketalet som er venta i Oslo-området.

Delstrekninga mellom Rakkestad og Sarpsborg på Austre linje som representanten Solhjell tek opp i spørsmålet, har i mange år vore utan ordinær persontrafikk. Det vart ikkje gjort grep frå førre regjering for å auka bruken av linja.

I august i år blei ei konseptvalutgreiing (KVU) for Austre linje sitt samband mot Oslo avslutta, og denne skal no til ekstern kvalitetssikring (KS1). Utgreiinga viser at ny trasé inn mot Ski stasjon, sett i samanheng med andre kapasitetsaukande tiltak i Oslo-området, kan vere samfunnsøkonomisk lønsam.

Vidare er utbygginga av ERTMS på Austre linje eit viktig element i innføringa av ny signalteknologi i Noreg, og skal på sikt bidra til betre driftsstabilitet. Samstundes er Jernbaneverket, saman med Trafikkverket i Sverige, i gong med ei utgreiing kor det mellom anna ses på moglegheitene for både fleire persontog og godstog mellom Sverige og Noreg på strekninga Oslo-Göteborg i framtida. Bruken av Austre linje blir vurdert i denne samanheng.

Om det i framtida skal vere persontrafikk mellom Mysen og Sarpsborg, utover toga i rush til/frå Rakkestad, må først og fremst byggje på ei vurdering av marknaden. I Retningslinje 2 for transportetatane og Avinor sitt arbeid med Nasjonal transportplan 2018-2029 er det understreka at plangrunnlaget skal innehalde ei framstilling av antatte transportbehov og kva type togtenester og rutemodellar som må utviklast for å møte desse behova. I Jernbaneverket sitt arbeid med neste NTP står derfor utviklinga av Ruteplan 2027 sentralt. Strekninga er i dag ikkje av dei mest tettfolka områda langs banene på Austlandet, og det er viktig å sjå på heilskapen i tilbodet og kor behovet for auka togkapasitet er størst. Vurderinga av det framtidige togtilbodet på Austre linje vil også stå sentralt i framtidige konkurransar om kjøp av persontransport med tog.