Kjersti Toppe (Sp): Kan statsråden gjere greie for opplysningane som er kommen fram i Bergens Tidende 1/10 om at det er gjort fleire sjølvmordsforsøk i norske fengsel etter at innsette har fått beskjed om dei skulle vurderast for overføring til soning i Nederland, kor mange slike tilfelle er meldt og vil statsråden informere Stortinget om kva som blir gjort for å hindre slike dramatiske konsekvensar av soning i Nederland?
Begrunnelse
Viser til oppslag i Bergens Tidende 1/10-15. Ber og om forklaring på opplysningane om at innsette som har barn som besøker dei i fengsel, likevel blir vurdert for overføring til Nederland.