Skriftlig spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til landbruks- og matministeren

Dokument nr. 15:51 (2015-2016)
Innlevert: 08.10.2015
Sendt: 09.10.2015
Besvart: 15.10.2015 av landbruks- og matminister Sylvi Listhaug

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Kan statsråden gjere greie for kva produkt som ikkje lenger vil få offentleg støtte til å nytte merkeordninga Nyt Noreg, kva overgangsordningar departementet ser føre seg for desse merka, og kva statsråden trur blir dei økonomiske konsekvensane for dei merka som ikkje lenger får nytta merkeordninga Nyt Noreg?

Begrunnelse

Onsdag 7. oktober kunne ein lese frå EU/EØS-nytt på Stortinget at matvarer som er omfatta av EØS-avtalen ikkje lenger vil få offentleg støtte for å nytte merkeordninga Nyt Noreg. Det kjem fram i svaret til EFTA sitt overvakingsorgan ESA. I sommar opna ESA ei traktatbrotsak mot Noreg fordi merkeordninga Nyt Noreg favoriserer norsk mat. ESA meiner at sidan tiltaket er støtta av offentlege midlar, har Nyt Noreg-merket same verknad som kvantitative importrestriksjonar.
LMD har i tidlegare brev argumentert for at EU sin felles landbrukspolitikk ikkje er en del av EØS-avtala. Sidan Nyt Noreg så og seie kun vert nytta av produkt som fell utanfor rammene av EØS-avtala, er ordninga ikkje bunden av avtala sitt forbod mot kvantitative importrestriksjonar.
I svarbrevet 1. oktober godtek departementet ESA si vurdering om at Nyt Noreg utgjer eit salsfremjande tiltak, med tilsvarande verknad som kvantitative restriksjonar, for dei produkta som er omfatta av EØS-avtala. For disse produkta vil bruk av merket Nyt Noreg ikkje lenger bli finansiert gjennom offentlege midlar.
Departementet jobbar for tida med Matmerk og produsentane som vert ramma for å finne overgangsordningar.
Ifølge LMD er det berre ein liten del av matvarene som nyttar Nyt Noreg-merket som blir rørt ved.

Sylvi Listhaug (FrP)

Svar

Sylvi Listhaug: Innleiingsvis vil eg peike på at det er berre eit lite fåtal av produkta i Nyt Noreg-ordninga som ikkje lenger kan få statsstøtte som følgje av pålegg frå ESA. Ei oversikt som blei utarbeida tidlegare i år syner at berre 137 av 2214 produkt (eller 6,2 %) som i dag er merka Nyt Noreg, er omfatta av Protokoll 3 til EØS-avtala. Det er desse produkta som etter ESA sitt syn ikkje lenger kan vere omfatta av den offentlege finansieringa av ordninga. Blant desse produkta finn me mellom anna produkt som potetmos, potetlomper og –lefser, gin, vodka, akevitt, ferdiggraut, vatn, smakstilsett yoghurt og syrna mjølk.
Det er den uavhengige stiftinga Matmerk som administrerer ordninga. Dei samarbeider med produsentane av dei aktuelle produkta for å avklara kor lang tid omstillinga vil ta og korleis den skal gjennomførast. Detaljane i dette arbeidet er førebels ikkje klart.
Ordninga vil bli endra for dei aktuelle produkta, slik at produsentane sjølv må dekkje omkostningane ved eventuelt å bruka Nyt Noreg-merket. Dei bedriftene som eventuelt ikkje ynskjer å dekkje kostnadene ved bruk av Nyt Noreg-merket sjølv, må fase ut bruken av merket. Ein vil leggje til rette for ei overgang for desse, slik at kostnadar knytt til mellom anna emballasje blir så låge som mogleg. Desse elementa greier Matmerk no ut i samarbeid og dialog med dei bedriftene det gjeld.