Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:110 (2015-2016) Innlevert: 26.10.2015 Sendt: 26.10.2015 Besvart: 03.11.2015 av arbeids- og sosialminister Robert Eriksson
Fredric Holen Bjørdal (A): I 2014 fekk Arbeidstilsynet ansvaret for å legge til rette for det operative samarbeidet i treparts bransjeprogram innan transport, uteliv og reinhald. Kva resultat har dette gitt for utviklinga av bransjeprogramma?
Robert Eriksson: Treparts bransjeprogram er eit verkemiddel for samarbeid mellom offentlege styresmakter og partane i arbeidslivet om målretta innsats i utsette bransjar. Det er i gang treparts bransjeprogram innan reinhald, uteliv og delar av transportbransjen. Arbeidet med bransjeprogramma er forankra i departementet. Arbeidstilsynet har fått oppgåva med å vere tilretteleggjar for satsinga. Gjennom etatsstyringsdialogen følgjer departementet opp arbeidet. Frå og med i år er det også innført ei ordning med faste møte med dei tre respektive bransjeprogramgruppene og departementet. Det er lagt opp til at desse møta er halvårlege, men oftare ved behov. Dette er meint som ein arena for å drøfte tiltak som kan krevje politisk oppfølging. Denne møteforma er etablert etter at partane i arbeidslivet ønska nærare dialog med politisk leiing i departementet.Det ser ut til å vere ei god utvikling i arbeidet med treparts bransjeprogram. Det er sett ned eigne grupper for kvart einskild bransjeprogram. Desse gruppene blir for tida leia av Arbeidstilsynet. Det er stort engasjement i alle gruppene. Partane i arbeidslivet deltar aktivt i arbeidet. Som ein del av bransjeprogramma er det gjennomført informasjonstiltak retta mot unge arbeidstakarar i utelivsbransjen og mot private innkjøparar av reinhaldstenester. Arbeidstilsynet har ein særskilt tilsynsinnsats overfor verksemder innan mellom anna reinhald, uteliv og transport. Gjennom bransjesamarbeidet har det vore dialog mellom Arbeidstilsynet og partane om gjennomføringa av tilsynsinnsatsen og korleis resultata frå desse tilsyna kan nyttast i oppfølginga gjennom bransjeprogramma. Treparts bransjeprogram har medverka til å styrke dialogen med andre etatar, til dømes innan transportbransjen der Arbeidstilsynet har innleia eit nærare samarbeid med Vegdirektoratet og andre aktuelle kontrolletatar. Sjølv om det er skilnader mellom dei einskilde bransjeprogramma når det gjeld kor langt ein er kome, blir det i alle gruppene arbeidd aktivt med tiltak, innfallsvinklar og metodar for å møte utfordringane som gjeld arbeidsforhold og arbeidsmiljø innanfor bransjane. Gjennomføringa av bransjeprogramma blir jamleg drøfta med hovudorganisasjonane i arbeidslivet, mellom anna i Arbeidslivs- og pensjonspolitisk råd. Det er også naturleg å nemne at det over lang tid har vore eit nært samarbeid mellom offentlege etatar og partane i arbeidslivet innan bygg- og anleggsbransjen, men der er samarbeidet organisert noko annleis. Arbeidstilsynet har ei sentral rolle i dette samarbeidet.