Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:144 (2015-2016)
Innlevert: 02.11.2015
Sendt: 02.11.2015
Besvart: 09.11.2015 av utenriksminister Børge Brende

Per Olaf Lundteigen (Sp): Kva er verdien av godkjend norsk våpeneksport dei siste fem åra?

Børge Brende: Verdien av godkjend norsk våpeneksport blir presentert i den årlege stortingsmeldinga for eksport av forsvarsmateriell, eksportkontroll og internasjonalt ikkje-spreiingssamarbeid.
Eksporten av godkjent forsvarsmateriell frå 2010 til 2014 er 17 367 514 000 kroner. Desse tala gjeld eksport av forsvarsmateriell, ikkje tenester, retur utlandet og reparasjonar, produksjonsrettar og formidling. Heller ikkje fleirbruksvarer til militær sluttbruk er med. All statistikk er tilgjengeleg i Stortingsmelding nr 8 (2015-2016) side 42.
Tala for 2015 er ikkje offentlege då dei først kan leggast fram i stortingsmeldinga neste år. Årsaka er at Utanriksdepartementet må ta i mot lovpliktig rapportering frå eksportørar av forsvarsmateriell før tala kan utarbeidast.