Skriftlig spørsmål fra Jenny Klinge (Sp) til justis- og beredskapsministeren

Dokument nr. 15:149 (2015-2016)
Innlevert: 03.11.2015
Sendt: 04.11.2015
Besvart: 10.11.2015 av justis- og beredskapsminister Anders Anundsen

Jenny Klinge (Sp)

Spørsmål

Jenny Klinge (Sp): Meiner statsråden det er rett at brannvesena og kommunane må dekkje kostnader ved å utføre politioppgåver ved oppdrag der politiet anten er for seint ute eller ikkje dukkar opp?

Begrunnelse

Det kjem stadig nye eksempel frå heile landet der brannvesenet må fungere som politi når politiet sjølve er for seint ute, eller ikkje dukkar opp. 02.11.15 gikk brannsjefen i Aurland kommune, Reinhardt Sørensen, ut i NRK Sogn og Fjordane og fortalde at dette både er farleg og dyrt:

«Belastinga blir større. Vi kan kome i fleire farlege situasjonar som vi ikkje er trente til å takle, slik politiet er».

Brann og redningsetaten i Aurland kommune er lei av å ta på seg oppgåver som dei meiner er politiet sine når politiet anten kjem for seint eller ikkje kjem i det heile. Brannvesenet i Aurland har rykt ut på alt frå mistanke om promillekøyring og husbråk. Ikkje berre gjer brannvesenet oppgåver dei ikkje er pålagte å gjere, men dette fører også til store kostnadar for den enkelte kommunen. Aurland kommune reknar med at slike oppdrag kostar kommunen mellom 10-15 000 kroner for kvar utrykking. Dette er ikkje unikt for Aurland.
Brannsjef i Namsskogan, Frode Bjørhusdal, kunne 05.05.15, fortelje til NRK at dei

«…bruker så mye penger på utrykninger til alle mulige oppdrag at det ikke blir igjen penger til å kjøpe inn nytt utstyr. Vi sliter derfor med både gammelt og dårlig utstyr».

Dette handlar altså om to ulike naudetatar, den eine kommunal og den andre statleg, der den eine gjer oppgåver for den andre.
Det framstår som urimeleg dersom kommunane og brannvesena skal dekkje utgifter til oppdrag som eigentleg er politiet sine. Viss ein skal gjera noko med denne situasjonen, vil det vera ein fordel med felles retningsliner for alle politidistrikta.

Anders Anundsen (FrP)

Svar

Anders Anundsen: Brann- og redningsvesenet er den største beredskapsetaten i dei fleste kommunane og òg den viktigaste tekniske redningsressursen. Dette gjeld ikkje berre ved brann, men ved alle hendingar som krev evne til teknisk handtering. Dei lovpålagte oppgåvene til brann- og redningsvesena går fram av brann- og eksplosjonsvernlova § 11 første ledd. Lova opnar for at kommunane kan leggje andre oppgåver til brann- og redningsvesenet, men dette gjeld berre i den grad det ikkje svekkjer evna brannvesenet skal ha til å utføre dei primære oppgåvene som loven krev.
Det går vidare fram av lova § 12 at dersom brann- og redningsvesenet kjem først til ein ulukkesstad har brannsjefen ordensmynde og ansvar for leiinga av skadestaden inntil politiet kjem til staden. Samstundes er det slik at brannvesena i utgangspunktet ikkje er forplikta til, og i mange tilfelle heller ikkje har føresetnader for, å rykkje ut for å ta hand om reine politioppgåver. I samband med gjennomføringa av nærpolitireformen vil operasjonssentralane til politiet og 110-sentralane til brannvesena bli samlokalisert. Ved naudmeldingar vil samlokaliseringa gjere koordinering, samhandling og avklaring av oppgåver mellom brannvesena og politiet enklare.
Det er viktig for beredskapen å sikre at politiet kan kome raskt til åstader. Sia 1. januar 2015 har det vore stilt krav til responstida til politiet. Kravet til responstid gjeld ved ekstraordinære hendingar, hendingar kor liv er direkte truga og/eller kor det er behov for umiddelbar innsats frå politiet. Målingar som Politidirektoratet har gjennomført, viser at politiet så langt oppfyller det nye kravet til responstid. Utvikling av komande krav til responstid vil bli sett i samanheng med ny politistruktur. Regjeringa har som mål å nå ei politidekning på 2 pr. 1000 i løpet av 2020. Det vil innebere ei vesentleg betring av politikraften.