Liv Signe Navarsete (Sp): Når vil regjeringa svare på sivilsamfunnsorganisasjonane sine 2015-søknader om midlar under kapittelpost 164.72, Utvikling og nedrusting?
Begrunnelse
Midlar frå kapittelpost 164.72 på Statsbudsjettet, Utvikling og nedrusting, har gjennom fleire år vore eit viktig bidrag til sivilsamfunnet si innsats for å informere om atomvåpen sine humanitære konsekvensar og behovet for eit internasjonalt forbod. Ei rekkje sentrale, internasjonale sivilsamfunnsaktørar innan arbeid med kjernefysisk nedrusting, som International Campaign to Abolish Nuclear Weapons (ICAN), International Physicians for the Prevention of Nuclear War (IPPNW), Article 36, Reaching Critical Will og Norsk Folkehjelp, har likevel per 13. november 2015 fortsatt ikkje fått svar frå Utanriksdepartementet på sine søknader om midlar utlyst i 2015.