Geir Pollestad (Sp): Kva vil statsråden gjera for å trygge økonomien i bompengeprosjekt med høg del elektriske bilar, som til dømes Finnfast, og meiner statsråden det er rett at befolkning og næringsliv på Finnøy skal finansiera ei statleg fritaksordning eller vil han innføre ei kompensasjonsordning?
Begrunnelse
I eit oppslag i Stavanger Aftenblad 20.11.15 går det fram at den høge delen El-bilar i Finnfast trugar økonomien i bompengeprosjektet. I 2013 var 9,7 % av bilane som passerte bommen El-bilar. I oktober 2015 var 26,6 % av bilane som passerte bommen El-bilar. Desse kostnadane vert krone for krone velta over på andre bilistar med tillegg av renter sidan dei vil bli dekte inn på slutten av nedbetalingsperioden.
Dette er ein føresetnad som ikkje bompengeselskapet eller kommunane som har stilt garanti for prosjektet kunne sjå føre seg då prosjektet vart starta opp. Auken har vore særleg merkbar etter 2013 så statsråden kan ikkje gjera som vanleg å skulda på førre regjering.
Statsråden har etter at han vart statsråd lova at staten skulle stille garanti for bompengeprosjekta. Senterpartiet har gjort framlegg om dette i Stortinget, men ikkje fått støtte frå Framstegspartiet. I sitt svar av 7. november 2013 på skriftlig spørsmål frå Janne Sjelmo Nordås (Dokument nr. 15:17 (2013-2014)) skriv statsråden:
«Statlig garanti for lån som tas opp til utbyggingsprosjekter er et annet tiltak som vil bidra til betydelig lavere rente i mange prosjekter.»
Meir enn to år seinare er dette ikkje anna enn godt snakk.
Den manglande finansieringa kan og truge finansieringa av gang- og sykkelveg mellom Reilstad og Judaberg.