Skriftlig spørsmål fra Geir Pollestad (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:252 (2015-2016)
Innlevert: 23.11.2015
Sendt: 24.11.2015
Besvart: 30.11.2015 av samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen

Geir Pollestad (Sp)

Spørsmål

Geir Pollestad (Sp): Gjeld førarkort for traktor med hastigheit 41-50 km/t (klasse T kode 141) berre køyring som er ein del av ordinær jordbruk- eller skogdrift og kva er i så fall heimel for denne avgrensinga?

Begrunnelse

Eg er gjort kjent med at Statens Vegvesen sitt førarkortkontor tolkar inn eit vilkår om at den som har førarkort klasse T med tillegg av kurs som gjev kode 141 berre kan køyre traktor med hastighet mellom 41 og 50 km/t når dette skjer som ein del av køyring i ordinær jordbruk- og skogdrift.
Det er vanskeleg å sjå kva heimel eit slikt krav har, og sjølve handhevinga av ein slik avgrensing vert særs vanskeleg. Det er her naudsynt med ei
avklaring på kva den rettslege tilstanden er.

Ketil Solvik-Olsen (FrP)

Svar

Ketil Solvik-Olsen: I 2004 fekk vi ny førarkortforskrift der den nasjonale førarkortklassen T for traktor (og motorreiskap) berre gjeld slike motorvogner med konstruktiv fart høgst 40 km/t. Samstundes har det med den teknologiske utviklinga kome traktorar som er konstruert for å gå over 40 km/t. Desse traktorane blir i førarkortsamaheng vurdert som personbil, lett lastebil eller lastebil alt etter kva som er den tillatne totalvekta for traktoren og eventuell tilhengar. Ein konsekvens blei at traktor som gjekk 41- 50 km/t, og som ein tidlegare kunne køyre med klasse T – med minstealder 16 år- no i praksis kravde førarkort for lastebil eller lett lastebil som følgje av tillaten totalvekt på traktoren.
Norges Bondelag tok kontakt med Samferdselsdepartementet i 2011 med ønskje om nye reglar som gjer det enklare å få køyre traktor som går 41-50 km/t. Grunngjevinga var strukturendringar i landbruket som aukar behovet for effektiv transport mellom eigendommane, og at det i landbruket alt finst fleire tusen traktorarer som er konstruert for fart 41-50 km/t.
Sommaren 2014 blei det difor fastsett nye reglar for utvida førarrett for traktor som går høgst 50 km/t, klasse T kode 141 og klasse T kode 148. Formålet med nyordninga var å kome nye behov i landbruksnæringa i møte.
Dette landbruksformålet går ikkje fram av teksten i førarkortforskrifta i dag. Det er heller ikkje slik at førarkortforskrifta skal tolkast innskrenkande på dette området.